Kardinaltekkje
Akademie für Alte Musik Berlin framfører Händels braksuksess i Roma.
Akademie für Alte Musik Berlin.
Foto: Kristof Fischer
CD
Georg Friedrich Händel:
Dixit Dominus
RIAS Kammerchor Berlin; Akademie für Alte Musik Berlin; dir.: Justin Doyle. Harmonia Mundi 2024
Georg Friedrich Händel hadde ei uvanleg evne til å skaffa seg velgjerarar. Men han gjorde seg aldri til slave for mesenane, korkje kunstnarleg eller økonomisk. Det verkar snarare som om det var velgjerarane som kjempa om gunsten hans. Då han i Hamburg blei tilboden ei betalt studiereise til Italia, truleg av Ferdinando de’ Medici, arveprinsen av Firenze, takka han høfleg nei. Reisa ville han kosta sjølv, kan hende for å verna om fridomen sin. Det kring fire år lange Italia-opphaldet blei ein kunstnarleg og økonomisk suksess frå fyrste stund.
Kyrkjefyrstar
Händel var ein pragmatikar, også i kyrkjemusikken. Heime hadde han skrive luthersk kyrkjemusikk, i England skulle han seinare komponera anglikansk – og i Roma sjølvsagt katolsk. Dei tre tonesetjingane av bibelske salmar som Akademie für Alte Musik Berlin og RIAS Kammerchor Berlin her gjev oss, markerte pangstarten som artist in residence hjå romerske kyrkjefyrstar i 1707. Det var kardinal Carlo Colonna (1665–1739) som tinga musikken til karmelittordenens årlege fest, til framføring under gudstenesta i Santa Maria in Montesanto, den eine av tvillingkyrkjene på Piazza del Popolo i Roma.
Alt i opningssatsen (spor 1) «Dixit Dominus» høyrer me at innspelinga er god. Her er sprek og klår strykarklang og herleg driv i bass-seksjonen til orkesteret. Dette med bassen er viktig, for tyskaren Händel komponerte i ein meir kontrapunktisk orkesterstil enn det som var vanleg i Italia. Ofte er det bassen som driv det heile framover, noko me høyrer særleg godt i finalesatsen «Gloria Patri et Filio» (spor 9). Her byrjar bassen åleine, med ein stutt og stolt melodi som det femstemmige koret og strykarane i tur og orden lyt underordna seg.
På raffinert måte flettar Händel også inn dei gamle gregorianske melodiane til salmen, før det heile munnar ut i ein kraftfull korfuge. Roma hadde mange gode komponistar den gongen, men kyrkjemusikk av denne typen var noko nytt i byen – og gjorde 22-åringen Händel til stjerne over natta.
Kjærleiksduett
Var det noko italienarane verkeleg sette pris på, var det virtuose sopranariar. Salmetonesetjinga «Laudate pueri» for solosopran, femstemmig kor og orkester er då også italiensk i stilen, med eitt unntak: Komponisten har gjeve oboen ei prominent rolle i orkesteret, og slik sjølvstendig bruk av treblåseinstrument var sjeldsynt sør for Alpane.
Me anar her også den særmerkt melodiske stilen som skulle bli Händels varemerke i seinare år. Lytt til dømes til andresatsen «Sit nomen Domini» (spor 17), ein arie for sopran og obo som like godt kunne vore ein kjærleiksduett i ein opera.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.