Kanon mot woke
Korleis pregar mangfaldsideologien det klassiske musikklivet?
Den amerikanske kritikaren Alex Ross drøfta kanonproblemet på Kulturhuset i Bergen.
Foto: Thor Brødreskift
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Festspelføredrag
Alex Ross:
Å tenke bortenfor kanon
Alex Ross er musikkritikar i tidsskriftet The New Yorker
Kulturhuset, fredag 26. mai
Tradisjonen tru arrangerte Festspillene i Bergen ei rekkje ordskifte og føredrag knytte til festspelprogrammet, i år 16 av slaget. Dei siste åra har desse samtalane alt for ofte vore keisame øvingar i politisk konsensus. I år er programmet meir opplyftande: Det handlar meir om kunst enn klima, meir om interpretasjon enn integrering.
Best likte eg føredraget med den kjende amerikanske musikkritikaren og forfattaren Alex Ross, som drøfta kanonomgrepet i klassisk musikk og stilte spørsmålet: Kvifor gjev konsert- og plateindustrien oss gong på gong eit fåtal gamle stykke av eit fåtal gamle komponistar?
Drastisk skifte
I innleiinga tok han føre seg det han kallar wokeness i musikken, og korleis denne ideologien påverkar konsertrepertoaret i USA. Trugar jaget etter mangfald dei kanoniserte klassikarane?
I kjølvatnet av drapet på George Floyd i 2020 blei det reist krav om «diversifisering» av det klassiske musikklivet, som ein reaksjon mot white supremacy in classical music, som Ross kalla det. Kvinnelege og afroamerikanske komponistar skulle no lyftast fram. Philadelphia Orchestra, til dømes, spelte i 2021 inn symfoniane til den svarte kvinna Florence Price (1887–1953), og Metropolitan Opera House i New York framførte for fyrste gong ein komposisjon av ein svart komponist, nemleg Terence Blanchard (fødd 1962).
Ross fortalde at mangfaldsrevolusjonen er det mest drastiske han har opplevd gjennom førti år som musikkritikar. Men han har ikkje noko imot utviklinga, for kjernerepertoaret, altså den klassiske kanon, er ikkje truga. Somme konservative røyster i USAs musikkliv rasar likevel mot dette «politisk korrekte» i kunstmusikken. Dei peikar på at komponistar som Price rett og slett ikkje held mål andsynes store, klassiske komponistkoryféar.
Interessant var merknaden hans om at det breie middelklassepublikummet i USA stort sett stør opp om mangfaldsideologien – i teorien. Men å vitja slike konsertar er ikkje publikummet like ivrige til.
Kanon og repertoar
Risset Ross gav av dagens musikkliv i USA, var forvitneleg, også med tanke på tendensar i Noreg. Men hovuddelen av føredraget handla altså om kanon, og om «å tenke bortenfor kanon», det vil seia å opna øyra for meir ukjend musikk. Ross gav fylgjande utgreiing om omgrepa:
Kanon kjem frå gresk og tyder målestokk eller rettesnor; i kyrkja blir det nytta om bøker som er ekte og autoritative, og om lista av «godkjende» helgenar. For musikkinteresserte som er usikre på smaksdommen sin, er slike kanoniserte komposisjonar ei god rettesnor når ein skal velje konsert.
Repertoar kjem frå latinsk repertorium, som tyder «liste» eller «katalog». Repertoaret er den lista av komposisjonar me forventar at orkester og operahus har på programmet. Ulike komponistar blei kanoniserte til ulik tid: Renessansekomponisten Palestrinas vokalverk blei heilt frå byrjinga av kanonisert som høveleg musikk i den katolske gudstenesta, der dei framleis blir sungne. Barokkomponisten Händel blei også kanonisert rett etter at han døydde, men berre i England, medan J.S. Bachs verk var ein ukjend storleik for alle andre enn ekspertar før den offentlege «gjenoppdaginga» av han på 1800-talet.
Guddommeleggjering
Repertoaret me i dag reknar som kanon, feste seg fyrst for kring hundre år sidan, fortalde Ross. Men utviklinga starta på byrjinga av 1800-talet, då ein tok til å framføra verka til døde komponistar; før dette var musikken ferskvare, og mest all musikk var samtidsmusikk. I takt med at musikken blei meir komplisert, var det òg naudsynt å framføra han fleire gonger for å skjøna han, noko som byrja med Beethoven.
Då praksisen med å framføra verk av døde komponistar auka, voks skepsisen mot levande komponistar, altså mot ny musikk. Publikum tvilte på at denne var noko tess i høve til klassikarane. «Dei gamle blei guddommeleggjorde, og korleis kan ein konkurrera med gudar?» Ross påpeika at skepsisen mot samtidsmusikk altså ikkje er ny.
Han avslutta med eit retorisk spørsmål: «Kva for komponistar kjem til å bli spelte om femti år?» Bortsett frå at dette er logisk umogleg å svara på, meinte han at slikt ikkje bør vera rettesnor med tanke på kva for konsertar me bør vitja. Det er dessutan irrelevant. Kven stiller seg vel dette spørsmålet når dei tenkjer seg på kino eller skal kjøpa ein ny roman? Dei som berre likar gamle komponistar, gav Ross fylgjande påminning: «Om stordomen alltid ligg i fortida, ville fortidas stordom aldri blitt til».
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.