Musikk

Jordbærbrusblues

Christian Lee Hutsons nye album er ein novellesyklus frå Los Angeles.

Christian Lee Hutson har laga eit Los Angeles-album, skriv Øyvind Vågnes.
Christian Lee Hutson har laga eit Los Angeles-album, skriv Øyvind Vågnes.
Publisert

Sjølv den minste reisa kan romme så mykje, som drosjeturen skildra i «Strawberry Lemonade», opningssporet på Christian Lee Hutsons nye album Quitters, der bakkane heim – kva adressa no var igjen – verkar bratte på så mange måtar. Hovudet slår mot plastglaset som skil passasjer frå sjåfør, idet minna blandar seg med assosiasjonar og refleksjonar på tampen av ein lang kveld.

«Strawberry Lemonade» heldt meg fast frå første sekund, og eg visste eg måtte vidare i Quitters, som er mitt første møte med Hutson. Det er noko med straumen av bilete og inntrykk, der den eine scenen fører til den neste. Og så, i løpet av strofene, teiknar det seg etter kvart eit slags generasjonsportrett, ein kritikk av sjølvgodt forfall forkledd som djup innsikt og eskapisme som drøymeri: «A baby boomer’s last acid trip.»

Som noveller

Eg veit at dette er noko eg har ein tendens til å komme tilbake til når eg skriv om musikk, men det er vanskeleg ikkje å tenkje på novelleforma når ein lyttar til Hutsons forteljingar i låtform. Kanskje er det noko med måten karakterane blir levande på i desse songane. Eit anna særtrekk er det stadlege, slik det står fram på Quitters, som verkleg er eit Los Angeles-album.

Alt med det nydelege omslaget går assosiasjonane til forfattaren Raymond Carver og filmskaparen Robert Altman, og filmen til sistnemnde, basert på novellene til førstnemnte, Short Cuts (1993). Paul Thomas Andersons ferske nostalgitripp av eit ode til Los Angeles på 1970-talet, Licorice Pizza (2021), dukkar også opp i tankane når eg lyttar, ikkje minst til «Cherry», der fartsgrensene nok ein gong vert brotne på den myteomspunne og av og til risikable vegen langs stillehavskysten i California.

Samarbeid

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement