Musikk

Jobbsøknaden

Schuberts Ass-dur-messe kling ikkje alltid like «schubertsk».

Franz Schubert (1797–1828). Utsnitt av eit måleri av Gábor Melegh frå 1827.
Franz Schubert (1797–1828). Utsnitt av eit måleri av Gábor Melegh frå 1827.
Publisert

Det var få verk wienaren Franz Schubert bala lenger med enn Messe i Ass-dur, D 978. Han tok til med komponeringa i 1819, og i 1822 avslutta han arbeidet og fekk verket framført. Men han var openbert ikkje nøgd, for i 1825 fann han atter fram partituret og endra alt frå små detaljar til heile satsar.

Ulikt dei andre messetonesetjingane hans var ikkje Ass-dur-messa eit tingingsverk mynta på ein spesiell kyrkjeleg festdag. Ho skulle derimot inngå i ein jobbsøknad – til den lenge vakante visekapellmeisterstillinga ved keisarhoffet i Wien. Men Schubert blei skuffa då han fekk partituret i retur frå den keisarlege kapellmeisteren Joseph von Eybler, med påskrifta: «Messa er fin, den, men ikkje komponert i stilen keisaren likar.»

Keisarens konservative smak og sans for formstreng og skjøneleg musikk hadde Schubert eigentleg teke omsyn til då han reviderte messa, ein revisjon som for det meste gjekk ut på å forenkla satsstrukturen. Men det tre kvarter lange verket var altså framleis «framtidsmusikk» i monarkens øyro. Det gjekk som med så mange av Schuberts store verk: Fyrst nærare førti år etter komponistens død blei stykket atter framført.

God solistkvartett

Den røynde Schubert-tolkaren Frieder Bernius kjem no med ei gjennomarbeidd og interessant innspeling av messa, med Kammerchor og Hofkapelle Stuttgart. Det sistnemnde ensemblet spelar på kopiar av instrument frå tidleg 1800-tal.

Bernius er ein framifrå kordirigent. Men eg er òg nøgd med valet hans av songsolistar. Dei har alle slanke, unge røyster, og i passasjane der dei syng saman i såkalla solistkvartett (til dømes i andresatsen «Gloria»), er klangen vakkert homogen og dynamisk velbalansert. Openbert har alle solistane røynsle som korsongarar. Ein høyrer det på den gode evna deira til å moderera uttrykket og tilpassa seg i samsong med andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement