Musikk
Italienske røter
Elena Saratori hentar erkefranske Jean-Baptiste Lully heim til Italia.

Fransk barokkmusikk har ein heilt eigen klang. Medan den italienske barokkmusikken vanlegvis berre har strykeinstrument, er den franske vanlegvis utvida med treblåsbesetning, noko som gjer klangpaletten rikare. Karakteristisk er òg dei asymmetriske melodiavsnitta og den «vrikkande» melodikken, noko som vel kan førast attende til rytmen i det franske språket.
Det er merkeleg å tenkja på at den franske musikkens «far», Solkongens allmektige hoffkapellmeister Jean-Baptiste Lully, faktisk var utlending – opphavleg heitte han Giovanni Battista Lulli og var frå Firenze. Dette opphavet gjer den italienske dirigenten Elena Saratori eit poeng av i den intelligent skrivne og tidvis vittige omslagsteksten til det nye Lully-albumet sitt. Her argumenterer ho for at det er på tide at italienarane «hentar heim» komponisten sin, samstundes som ho syner at det musikalske grunnlaget for det me oppfattar som erkefransk, faktisk stammar frå Italia.
Latinske tekstar
Saratori dirigerer Allabastrina Choir and Consort i to av Lullys finaste kyrkjemusikkverk for solistar, kor og orkester. Sakralverk som dette hadde latinsk tekst i katolske land, noko som i denne samanhengen er eit viktig poeng for Saratori; tekstleg sett løyser latinen verka frå nasjonale konnotasjonar.
Det fyrste stykket er 1200-talshymnen Dies irae («Vreidedagen»), som tradisjonelt inngår i den katolske «Requiem»-messa for dei døde. Me merkar her kor viktig det tekstlege var for Lully: Hymnen er verkeleg tonesett som ei bøn som berre enkelte stader blir avbroten av instrumentale mellomspel. Andre stykket er Te Deum (òg kalla «Den ambrosianske lovsongen»), der Lully bokstaveleg talt slår på stortromma, for verket tek til med eit stort instrumentalforspel med paukar og trompetar.
Spesiell akustikk
Saratoris tolking overtyder, både musikalsk og når det gjeld poenget med Lullys italienske røter. Orkesteret og koret held høgt nivå, og av solistane lèt eg meg mest imponera av bassolisten i Dies irae, som med brakande røyst kunngjer dommedag. Svakare er prestasjonen til altsolisten – det høyrest ut som om melodien går litt for lågt for henne, for ho manglar kraft i det djupe registeret.
Kvaliteten på komposisjonane og utøvarane er det altså ingen ting å seia på. For meg er det likevel noko anna som gjer dette albumet spesielt: Saratori er frå Ravenna i Nord-Italia. Ho har valt å gjera opptaket i heimbyen, i den 500 år gamle kyrkja San Vitale, som (saman med Pantheon i Roma og San Marco-katedralen i Venezia) er ei av mine italienske favorittkyrkjer. At San Vitale har nokre av dei finaste bysantinske mosaikkane i verda, merkar ein sjølvsagt ikkje på opptaket. Men måten kyrkjerommet er forma på, som åttekanta sentralkyrkje under éin mektig kuppel, gjer akustikken heilt spesiell. Sjølv har eg aldri opplevd ein konsert der. Men denne CD-en gjev meg i alle høve ein idé om korleis det kan lyda.