JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Intens affekt

Kvifor er Vivaldi så god filmmusikk?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mezzosopranen Eva Zaïcik syng Vivaldis Nisi Dominus.

Foto: Victor Toussaint

3014
20230120
3014
20230120

CD

Razzi,
de Langa, Vivaldi, Locatelli:

Nisi Dominus

Eva Zaïcik, mezzosopran; Le Poème Harmonique.
Alpha 2022

Spor 18 frå Le Poème Harmoniques album vil somme dra kjensel på, sidan musikken er brukt i spelefilmar og dokumentarseriar: fjerdesatsen «Cum dederit» frå Nisi Dominus av Antonio Vivaldi (1678–1741). Denne motteten over Bibelens 127. salme byrjar med setninga: «Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til fånyttes.» I Tyskland har eg ofte sett salmen som portalinnskrift på gamle hus, skriven på alderdommeleg Luther-tysk, og i si latinske form er han mellom dei oftast tonesette salmane. Vivaldis versjon, komponert i Venezia i 1716, er mest kjend. Teknisk og musikalsk er dette hans mest ambisiøse solomotett.

Less is more

Kva er det som gjer «Cum dederit»-satsen så spesiell? Den venetianske barokkmusikken har ry på seg for å vera virtuos. Men venetianarane kunne òg, når det trongst, redusera det komposisjonstekniske til eit minimum. Ofte er det i slike satsar me opplever affekten, altså kjensleuttrykket, som mest intens.

«Cum dederit» opnar med ei enkel bassline. Ho pulserer roleg åleine, på éin tone, før strykarane kjem inn med eit tilsvarande enkelt musikalsk motiv med berre tre tonar. Bassen held fram like einfelt som i byrjinga, medan strykarane snart introduserer noko nytt: ei sakte stigande tonerekkje av den «kromatiske» typen, som tyder at melodien rører seg i berre halve tonetrinn. Slike kromatiske skalaar er i barokkmusikken det klåraste uttrykket for liding og sorg. Ein treng ikkje å vera musikalsk skolert for å høyra det.

I resten av satsen, etter at songaren kjem inn, høyrer me i grunnen berre variasjonar over dette sparsame musikalske materialet. På den eine sida læt det svært barokt, på den andre har det noko tidlaust ved seg – litt som byen Venezia sjølv. Det er difor denne spesielle satsen høver så godt som filmmusikk. Det spelar inga rolle om historia som blir fortald, går føre seg i mellomalderen eller under andre verdskrigen.

Heilskapen haltar

Vivaldis Nisi Dominus har gjeve namn til albumet, sjølv om det også inneheld musikk av andre komponistar. Solist er den franske mezzosopranen Eva Zaïcik, som syng med varm klang og har ein uvanleg fleksibel teknikk. Instrumentalistane er òg gode. I Sinfonia funebre av Pietro Antonio Locatelli (1695–1764) får dei briljera åleine. Ein skal i førromantisk musikk som dette vakta seg for å sjå komposisjonane som uttrykk for komponistens eigne kjensler. Men her lyt det vera lov – Locatelli laga sinfoniaen til kona si gravferd.

Einskildverka på plata er fine. Likevel tykkjer eg programmet som heilskap haltar. Motreformasjonens inderlege religiøsitet skal utgjera albumets fellesnemnar. Poetisk og teologisk skjønar eg poenget. Men når det gjeld musikalsk uttrykk, er der for store kontrastar mellom musikken frå 1500-talet og 1700-talet.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis