Instrumentalistane
i Stones-kulissane
Brian Jones og Mick Taylor gav dei tidlege albuma til The Rolling Stones ekstra djupn.
Rollings Stones fotografert i London i 1969. F.v. Mick Taylor, Charlie Watts, Mick Jagger, Keith Richards og Bill Wyman.
Foto: AP / NTB scanpix
Rolling Stones
Tilrådd lytting:
The Rolling Stones – England’s Newest Hit-makers (1963)
Aftermath (1965)
Between The Buttons (1966)
Their Satanic Majesties Request (1967)
Sticky Fingers (1971)

Eg var nyleg på Rolling Stones-konsert, på Olympia Stadion i Berlin. Dei eldgamle rockarane var ute på ny turné femtiseks år etter at gruppa vart danna i 1962, og grunnane til å gå på konsert var fleire: Eg var så opptatt av Stones i elleveårsalderen at eg omtrent berre høyrde på musikken deira i eit heilt år, og eg oppdaga mykje seinare, i vaksen alder, kor bra dei beste innspelingane deira var. Eg synest framleis Sticky Fingers og Let It Bleed er fantastiske album, nesten femti år etter at dei kom ut.
Dei gamle musikarane var i storform på det svære stadionet, framfor 60.000 tilskodarar, og konserten viste seg å verta ei formidabel oppvisning i eigenarta rockeestetikk.
Eg skal i denne teksten ta for meg to tidlegare medlemmar av Stones som hadde mykje å seie for lydbiletet på albuma frå dei fyrste ti–tolv åra.
Brian Jones
Gitarist og multiinstrumentalist Brian Jones var original Stones-medlem fram til han vart sparka ut av gruppa i 1969. Det var han som opphavleg starta bandet, gav det namn og hyra Keith Richards og Mick Jagger til å vera med. I byrjinga song han òg unisont med Jagger på fleire låtar, og han var eit naturleg midtpunkt som bandsjef. Seinare tok Jagger og Richards over rollene som bandleiarar og låtskrivarar, og Brian Jones vart meir som ein kolorist og arrangør på låtane, der han spelte tidvis nokså eksotiske instrument, til dømes sitar, dulcimer, cembalo, mellotron, theremin, marimba, tamboura og diverse treblåsinstrument.
Legg ekstra merke til det rytmiske, Howlin’ Wolf-aktige munnspelet på «Not Fade Away». Eller den dynamiske og levande Elmore James-påverka slidegitaren på «Little Red Rooster», marimbaspelet på «Under My Thumb», den nydelege barokkpåverka blokkfløyta på «Ruby Tuesday» og den jagande mellotronen på slutten av «We Love You». Dette er berre nokre få døme på Jones’ fingeravtrykk i Stones-katalogen. Elles laga han på eiga hand flott og meir eksperimentell filmmusikk til kultfilmen A Degree of Murder frå 1966, spelt inn med musikarane The Master Musicians of Jajouka frå fjella i Marokko i 1967.
Mick Taylor
Mick Taylor kom til Stones i 1969 som tjueåring, direkte frå bandet og institusjonen John Mayall’s Bluesbreakers (ein kan høyre han der som svært talentfull bluesgitarist på plata Crusade, i arven etter Otis Rush, Albert King, Peter Green og Eric Clapton).
Med The Rolling Stones er han særskilt skinande på Sticky Fingers frå 1971, der han bidreg med stemningsskapande gitarspel. Sjekk ut låtane «Sway» og «Moonlight Mile», der Taylor spelte ei avgjerdande rolle i arrangementa. Han utvikla seg etter kvart til å verta ein særprega slidegitarist og hadde ein solid rytmisk spelestil som utfylte Keith Richards’ enkle rockeriff og gav substans til låtane. Han var med fram til 1974, då han gjekk lei det intense turnélivet og overlét stafettpinnen til Ronnie Wood, som framleis er med i dag.
Stein Urheim
Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.