Musikk

Inni og utanfor boksen

Aphex Twins dekonstruerte klubbmusikk byr sjela opp til dans.

Publisert

Richard David James, best kjent som Aphex Twin, er ein av dei mest innflytelsesrike artistane innan elektronisk musikk og IDM (intelligent dansemusikk). Det er kan hende ikkje så enkelt korkje å hugse eller uttale tittelen på den nye EP-en hans – Blackbox Life Recorder 21f/in a room7 F760 – men lytteopplevinga er heller behageleg.

«Uneasy listening», sa ein annan kritikar. Det gir meining, det, for det kviler ei dyster og tungsindig, til dels klaustrofobisk, men likevel romsleg og innbydande stemning over musikken.

Videoen til tittel- og opningssporet «Blackbox Life Recorder 21f» tar lyttar-sjåaren med på ei reise ut i indre og inn i ytre rom via ein slags stadig vekk vrengd hyperboks som ser ut til å ut- og innehalde det meste i mikro- og makromultiverset.

Det andre tittelsporet, tredjesporet «in a room7 F760», er ei melankolsk og spretten lita sak med kjappe trommemønster og subtil tonal krumming som manar fram vage kjensler av skeive grammofonplater, falma foto, utviska minne.

Andresporet, det einaste sporet som ikkje er tittelsporet, «zin2 test5», er drive av ei konsis syrebassline og katarsisk veksling mellom synkoperte og flate rytmar. Det tredje tittelsporet, som altså er fjerdesporet, «Blackbox Life Recorder 22 [Parallax Mix]» er ein meir flytande variant av opningssporet, overlessa med klang som manar fram underlege aningar av fuktige, bekmørke holer av uana skala.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement