Innfallsrikt
Philharmonia Zürichs Dvorák-tolkingar er i overkant elegante.
Den tsjekkiske komponisten Antonín Dvorák (1841–1904).
CD
Antonín Dvorák:
Symphonies Nos. 8 & 7
Philharmonia Zurich, dir.: Gianandrea Noseda. Philharmonia Rec 2022
«De vil vita kva eg gjer? Eg har hovudet fullt av idéar. Om ein berre kunne skriva ned alt på ein gong! Men kva skal ein gjera? Eg kan ikkje skriva snøggare enn handa tillèt. Det går raskare enn eg hadde venta, og melodiane kjem som flygande til meg.» Dette skreiv Antonín Dvorák i eit brev sommaren 1889, medan han arbeidde med Symfoni nr. 8 i G-dur, op. 88, på landstaden sin sør for Praha.
Den bognande musikalske idérikdomen – med «idéar» er melodiske tema meint – merkar me i opuset som opnar Philharmonia Zurichs album med dei to såkalla engelske symfoniane hans. Det verkar mest som om komponisten har for mykje på hjartet, at han heile tida vil vidare med dei rapsodiske innfalla sine, og difor nedprioriterer å utvikla det musikalske materialet sitt på den måten den tysk-austerrikske symfonitradisjonen han stod i, føreskreiv.
Johannes Brahms, sponsoren hans, ytra ein gong at «karen har meir idéar enn vi alle, for det han kasserer [av musikalsk materiale], kunne andre ha snikra saman til hovudtema». Men i åttandesymfonien tykte den formstrenge Brahms det gjekk for vidt: «Her driv for mykje fragmentarisk og uvesentleg omkring. Alt er fint og musikalsk fengjande – men der manglar hovudsaker!»
Elegant energisk
Philharmonia Zürich (Zürich-operaens orkester) blir leia av italienaren Gianandrea Noseda, som er orkesterets sjefdirigent – eller Generalmusikdirektor, som det så schwungfullt heiter der. Styrken ved tolkinga hans er den briljante orkesterklangen og dei store gestane og lange linene i fraseringa. Dette går diverre på kostnad av detaljane, som det er så mange av i åttandesymfonien.
Referanseinnspelinga mi frå 1999, der austerrikaren Nikolaus Harnoncourt dirigerer Concertgebouw-orkesteret i Amsterdam, tek betre vare på einskildelementa og får frasane til å «pusta» organisk, med dynamiske og rytmiske detaljar som Zürich-orkesteret glattar over. Hjå Harnoncourt går grannsemda likevel ikkje på kostnad av dei store linene. Særleg i fyrstesatsen «Allegro con brio» får han fram fleire lag av meining, noko som til samanlikning gjer Nosedas tolking heller nyanselaus.
Myrmarsj
Denne tendensen blir endå tydelegare når ein lyttar til det andre stykket på plata, Symfoni nr. 7 i d-moll, op. 70, som Dvorák skreiv på oppdrag frå London Philharmonic Society i 1884. Komponisten klarer her meisterleg å foredla og integrera folkemusikalsk materiale frå heimlandet i den klassisk-romantiske symfoniforma.
Ulikt åttandesymfonien er grunntonen i den sjuande tragisk og stundom heroisk. Dette tek Noseda og Zürich-orkesteret for lett på. Dei tunge, djupe akkordane i opninga av finalesatsen Allegro, som hjå Harnoncourt kling som ein mødesam marsj gjennom myr, mobiliserer krefter Noseda aldri utløyser med sitt orkester.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
I Like to Sleep har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?