JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Inn til Prince

Eit 35 år gammalt opptak byr på Prince åleine ved pianoet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2909
20180921
2909
20180921

Rock

Prince:

Piano & A Microphone 1983

Rhino/Warner

Skru ned lyset, seier Prince nokre sekund inn i opningssporet «17 Days», idet fingrane hans dansar over tangentane. For no er vi inviterte heilt inn, til artisten åleine ved pianoet, i eit opptak som er 35 år gammalt, og som på alle måtar må kunne kallast unikt.

Artisten vi høyrer i dei første minutta av Piano & A Microphone 1983, er heilt på, til same tid som vi skjøner at han veit at dette ikkje skal ende opp på plate. «Skru ned vokalen litt», instruerer han snart nok teknikarane, før han slepper seg laus i musikken han framfører. Så finn han vegen inn i «Purple Rain,» som her høyrest mest ut som ei skisse, og leier vidare over i ei tolking av Joni Mitchells «A Case of You».

Berre desse korte avsnitta vil truleg få nokre av Prince-lyttarane der ute til å lengte etter å setje på Piano & A Microphone 1983. Gled dykk, Prince-folk. Dette er godsaker.

Rikhaldig arkiv

Prince Roger Nelson ville ha fylt 60 år i sommar, hadde han ikkje gått bort for to år sidan. At han har eit rikhaldig arkiv av uutgitt materiale, er godt kjent. Sjølv ventar eg forventningsfullt på trilogien han visstnok spelte inn, men aldri gav ut, då han arbeidde med det som vart Sign ‘O’ The Times (1988).

Derfrå får vi her høyre «Strange Relationship», framført av artisten fem år før songen fann vegen til høgtalarar verda over, i ein avsindig jazza, uferdig, men likevel tydeleg versjon. Eg var ikkje heilt førebudd på å høyre at Prince kunne spele piano på ein slik måte – om han kasta seg ut på slike eventyr i studio ofte, så må teknikarjobben ha vore ein draum.

Stringent og effektiv

Piano & A Microphone 1983 gir oss ein heilt strippa Prince, utan funky produksjon og heiltent band. Den segnomsuste multiinstrumentalisten er heller ikkje til å høyre, her er det berre tangentane og røysta, og så glamorøst er det heller ikkje – artisten snufsar litt og tenkjer seg kort om på veg frå ein song til ein annan.

Likevel er framføringa forbausande stringent og effektiv, i det som verkar som ein einaste lang, inspirert medley, med ein vill flyt og smittande energi. Prince kjem vi til å høyre ekko etter mang ein gong i åra som kjem, og det går an å spore han både tidt og ofte i musikken som kjem ut her og no. Det går knapt an å tenkje seg ei av haustens mest markante utgivingar – Blood Orange-plata Negro Swan – utan Prince.

Seks månader etter at han gjekk bort, vart Paisley Park, eigedommen der Prince også laga musikken sin, opna for publikum. I sommar rapporterte musikkjournalist Amanda Petrusich derfrå i tidsskriftet The New Yorker. Det var vanskeleg å lese utan å tenkje at eit Prince-museum kanskje ikkje får oss nærare. Men treng eigentleg nokon komme nærare enn det vi gjer med Piano & A Microphone 1983?

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis