Musikk
Ingenting kan stoppe meg no
Snail Mail tek nye musikalske steg på andrealbumet.
Ingenting kan stoppe meg no, heiter det i refrenget på «Light Blue», eit av høgdepunkta på Valentine, den nye plata frå Snail Mail. Songen er sett frå perspektivet til eit menneske som står ved eit skilje. Herfrå er det ingen veg tilbake no. Den stillferdige songen varer berre to og eit halvt minutt, men det er alt Lindsey Jordan treng. Når det stilnar frå høgtalaren, får du lyst til å høyre låten ein gong til.
Valentine er det andre albumet frå Lindsey Jordan, som altså er namnet som skjuler seg bak eit alias som nikkar mot gammal postgang og dermed ei tid der mellommenneskeleg kommunikasjon utspelte seg i eit anna tempo enn i dag. Eg vil tru somme lesarar kjenner til det markante debutalbumet Lush frå 2018. Då Snail Mail gjesta Landmark i Bergen same år, på ein trippelkonsert saman med Lucy Dacus og Stella Donnelly, leverte ho solid i det ein må karakterisere som sterkt selskap, i ein alder av 18 år.
Nytt kapittel
Valentine er altså eit nytt kapittel i det som teiknar til å verte ein platekarriere det er vel verdt å følgje med på. Dei som kjenner Jordan som ein dempa trubadur med skarpt blikk for ungdomstidas emosjonelle bølgjedalar, vil raskt merke at det musikalske registeret er større på albumet av året.
Det opnande tittelsporet viser seg å vere ein medrivande poplåt der synthar og samples fører oss med tiltakande intensitet inn i eit kulminerande refreng. Songen er ikkje åleine av sitt slag på Valentine, som fleire stader rommar eit hitpotensial på nye måtar for Snail Mail, særleg i songar som «Madonna», «Forever (Sailing)» og «Ben Franklin». Den elegante omgangen med melodi og tekst får meg til å tenkje på ein artist som The Japanese House.
Meir rocka
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.