JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Ingen plan B

The Delines og Hurray for the Riff Raff kombinerer forteljekraft og sosialt medvit verknadsfullt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Som Woody Guthrie prøvde Alynda Segarra seg som farande fant.

Pressefoto: Hurray for the Riff Raff

4303
20220218
4303
20220218

Rock

Hurray for the Riff Raff:

Life on Earth

Nonesuch / Warner

Rock

The Delines:

The Sea Drift

Decor / Border

Dei er ute i eit skikkeleg uføre, Earl og broren, då vi møter dei i «Little Earl», opningssongen på The Sea Drift, det nye albumet frå The Delines. Earl er ikkje større enn at han treng ei pute for å kunne sjå vegen, der han køyrer langs Golfkysten, medan broren ligg og blør i baksetet. Kva no? 

Låtskrivar Willy Vlautin kastar oss rett inn i situasjonen, og der held han oss, i dei vel fire minutta «Little Earl» varer. Det er noko han har gjort før, på fleire plater med Richmond Fontaine, og særleg på eit par med The Delines, der den utsøkte vokalisten Amy Boone har akkurat den røysta orda hans treng.

Vlautin, som også er forfattar bak ei rekkje kritikarroste romanar, innrettar songane sine med ein knapp, novellistisk økonomi, og han har ein kresen sans for dei rette detaljane som pustar liv i ein scene i ein låt. I passasjersetet ligg det ein tolvpakning øl, tre frosenpizzaer og eit par lighterar – butikkranet har ikkje gått som det skulle, og det hastar med ein plan B, for bilen til onkelen kan dei jo ikkje dukke opp på eit sjukehus med. 

Ettertanke

The Sea Drift følgjer The Imperial (2019), og har dei same kvalitetane. The Delines kler songane med ein elegant, dempa minimalisme, og det er freistande å særleg trekkje fram Cory Gray på tangentar og trompet, ikkje minst på nett «Little Earl», og i instrumentalspora som gir lyttaren rom for ettertanke og refleksjon mellom slaga. Vi held oss ved kyststripa gjennom songane, og i bileta i tekstane teiknar det seg eit tydeleg landskap, som husa på stylter Earl ser gjennom vindauget der brørne køyrer langs Holly Beach.

Vlautins interesse for dei som kjem skeivt ut, har vore der i alt han har skrive – eit sosialt medvit som har fått mange til å trekkje liner til John Steinbeck og Woody Guthrie.

Det har også fleire gjort når dei høyrer musikken til Hurray for the Riff Raff, også plateaktuell med Life On Earth, og då ikkje berre fordi Alynda Segarra i si tid prøvde seg på eit omflakkande liv som farande fant, slik Guthrie i si tid gjorde, men fordi inspirasjonen er tydeleg i dei politiske songane som til dømes fanst på strålande The Navigator (2017), som hamna på årsbestelista til underteikna då albumet kom ut for fem år sidan.  

Levande scener

Som Guthrie og Vlautin har også Segarra eit skarpt blikk for kva som trengst for å skape levande scener og forteljingar innanfor rammene av ein song, noko som ikkje minst vert tydeleg på «Precious Cargo», eit av nøkkelspora på det nye albumet. Geografisk og sosialt er vi ikkje langt frå Vlautins univers, i dei amerikanske sørstatane, bak lås og slå, dit Earl også fort kan vise seg å vere på veg. Ulikt Vlautin gjer Segarra bruk av førstepersonsforteljing i låten sin, og forankrar denne i det dokumentariske, med direkte referanse til etterforskingsetaten som handhevar immigrasjonslovene i USA.

I løpet av knappe fem minutt teiknar Segarra eit bilete av den prøvande reisa til eit menneske på flukt, med ein baby på skuldrene, over elva, forbi trea, til grensa og heile vegen til søvnlause, kalde netter på eit hardt golv i forvaring. «Precious Cargo» lèt det forteljande leie fram til ein tiltale mot dei som reiser tiltale, ikkje minst ved å gjere bruk av autentiske lydklipp på oppløpet, noko som styrkjer låtens dokumentariske kvalitet.

Det finst ein etisk dimensjon i musikk som dette, eit hardt tilkjempa blikk for det empatiske, og i tilfellet Life On Earth strekkjer dette engasjementet seg til å omfatte ein systemkritikk som også peikar på dei øydeleggingane som legg heile økosystem i grus.

Begge platene summa i hovudet mitt då eg høyrde ein panelsamtale på litteraturfestivalen i Bergen i førre veke, der Kaja Schjerven Mollerin, Pedro Carmona Alvarez og John Erik Riley trekte opp nokre liner i Woody Guthries liv og plasserte den formidable songskatten hans i ein kulturell og historisk kontekst. Så lenge det kjem album som dette, er det mangearta avtrykket etter Guthrie tydeleg og sterkt, i møte med dei akutte sosiale og politiske spørsmåla i vår eiga tid.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jonas Bals er fagleiar i LO og utdanna målarsvein og historikar. Han har skrive fleire bøker og er dessutan spaltist og bokmeldar.

Foto: Siw Pessar

BokMeldingar

Jonas Bals har skrive ei tjukk, viktig bok nummer to om fascisme. Men å skrive objektivt om si eiga tid er ei krevjande øving.

Torgeir E. Sæveraas

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

Alle foto: Frank Furseth

KunstMeldingar

Glede er eit aktivt val

Kva vil det seie å leve eit fullverdig liv? Amerikanske Emilie Louise Gossiaux (f. 1989) utfordrar fordommane våre gjennom ei varm, uvanleg og sterk utstilling.

Eva Furseth

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis