Musikk
Ingen dikkedarar
Stort driv på det nye konsertopptaket frå Car Seat Headrest.
Låtskrivar og songar Will Toledo med gassmaske på scena.
Pressefoto
«Eg har vorte slik ein negativ person», heiter det i «Drunk Drivers/ Killer Whales», før eit «kanskje» heldigvis følgjer i den optimistiske brua: «Maybe we can learn how to start again.»
Songen var eit av fleire høgdepunkt på Teens of Denial, det framifrå albumet Car Seat Headrest gav ut i 2016 – og er tiande låt ut på konsertplata som kom for nokre dagar sidan, Faces from the Masquerade, som rommar opptak frå ei utseld rekkje i Brooklyn i slutten av mars i fjor.
Dei syng sanneleg med, publikum, når Will Toledo dveler ved denne draumen om å ta grep og gjere det rette, artikulert som ei formaning til den som køyrer i fylla: «Turn off the engine, get out of the car and start to walk.» Djupare sett er songen eit slags oppgjer med fordervande atapi.
Først soloprosjekt
Car Seat Headrest såg først dagens lys i 2010, då det framleis var eit soloprosjekt for låtskrivar og songar Toledo, som sjølvpubliserte musikk under namnet, fram til platekontrakten hos Matador Records var eit faktum fem år seinare. Teens of Style (2015) inneheldt nyinnspelte versjonar av musikk han først hadde gitt ut åleine via Bandcamp, no med band.
Og eit band er det verkeleg vi får høyre på Faces of the Masquerade, som for denne lyttaren kjennest som ei feiring av krafta som ligg i det mest basale rockeuttrykket, der gitarar, tangentar, bass og trommer utan så mange dikkedarar fører med seg eit himla trøkk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.