JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Improvisert epos

Arild Andersen driv avansert lagbygging.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2016
20221028
2016
20221028

Jazz

Arild Andersen Group:

Affirmation

Marius Neset, tenorsaksofon; Helge Lien, piano; Arild Andersen, bass; Håkon Mjåset Johansen, trommer. ECM

For knapt eit år sidan var Arild Andersen Group i Rainbowstudioet for å spela inn låtar av bandleiaren, truleg konsertrepertoaret som dei turnerte med seinhaustes 2019. I november 2021 var det framleis pandemi og reiserestriksjonar, så Mannfred Eicher kom seg ikkje til Oslo. Når katten er vekke, dansar musene på bordet...

På andre dagen av innspelinga føreslo Andersen at dei skulle improvisera fritt og sjå kva som kom ut av det. Resultatet finn ein på denne plata, uredigert. Det første strekket er 23 minutt langt og det andre 14. Sjølv om dette er improvisert fram i to økter, har musikken ei form som naturleg lèt seg dela inn i sju med titlar frå «One» til «Seven».

Andersen sjølv har mang ein gong gått til ein spelejobb med blanke ark, men for denne kvartetten var det ei ny utfordring. Det er utruleg spanande å følgja dei på ferda frå dei første famlande stega. «One» fungerer som eit anslag der Neset introduserer pulsen som blir eit berande element i «Two». Dette stykket vert avslutta rubato. Denne avslutninga pregar balladen som Neset innleier og Lien følgjer opp. Slik finn ein tilknytingspunkt og sporvekslarar gjennom alle sju delane.

Det mest overraskande er kor strukturert det heile er. Dette er så langt frå eit kollektivt primalskrik som det er råd å koma. Visst er det temperatur i musiseringa, som til dømes i høgdepunktet «Four», men ein vesentleg del av lytteopplevinga ligg i å høyra korleis dei tek tak i ideane til kvarandre og transformerer og modifiserer dei på logisk og elegant vis. Musikken vert sett i relieff ved at plata sluttar med den melodiske Andersen-komposisjonen «Short Story». Me skal vera glade for at Eicher aldri kom seg med flyet frå München til Oslo den dagen i november 2021.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis