Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Improvisasjon for alle pengane

Det dukkar stadig opp overraskingar på den engelske jazzscenen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Spike Wells bak trommene i Voss kino 1977.

Foto: Kåre Eide

1924
20240223
1924
20240223

Jazz

QOW Trio:

The Hold Up

Riley Stone-Lonergan; tenorsaksofon, Eddie Myer, bass; Spike Wells, trommer.
Ubuntu Music

I 1977 skipa Vossa Jazz til konsert med Jon Eberson, Arild Andersen og nemnde Spike Wells på trommer. 47 år seinare og i ein alder av 78 år held han koken. Imponerande! Wells har hatt ein fascinerande karriere.

Han er utdanna prest og jurist, og har berre i ein kort periode livnært seg som musikar. Det gjorde han i ei handfull år då han var med i kvartetten til den engelske tenorsaksofonisten Tubby Hayes. Saman med bassisten Ron Mathewson utgjorde Wells kanskje den sterkaste rytmeseksjonen i engelsk jazz nokosinne.

Her deler Wells rampe­ljoset likeleg med ungdomen i bandet, den irske saksofonisten Stone-Lonergan og bassisten Myer. Sistnemnde plasserer seg både aldersmessig og musikalsk midt imellom. Myer har i grunnen litt same rolle som Gary Peacock i Jarrett-trioen. Stone-Lonegan er naturlegvis den sentrale solisten, og Wells kombinerer det rytmiske grunnarbeidet med dynamisk spel og særs mange og velformulerte kommentarar til saksofonspelet.

Trioen har fått namn etter ein Dewey Redman-komposisjon som er å finna på debutplata frå 2020. I presseskrivet viser dei til inspirasjon frå store delar av jazzsoga, men på The Hold Up er kanskje Sonny Rollins og Joe Henderson dei tydelegaste.

Tolkinga deira av Johnny Mercers «I’m an Old Cowhand» legg seg tett opp til Rollins’ versjon frå Way Out West. Elles går bluesen som ein blå tråd gjennom dei tolv låtane der Monk, Ellington/Strayhorn og Kenny Dorham mellom andre er representerte, men det mest oppsiktsvekkjande med repertoaret er komposisjonane til Stone-Lonegan. Tradisjonstru, men doggfriskt! Improvisasjon for alle pengane og ikkje ein keisam augneblink.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis