Musikk
Hyrdingtonar
NeoBarock spelar pastoralmusikk av varierande kompositorisk kvalitet.
«Draumen om Arkadia». Måleri av britisk-amerikanske Thomas Cole (1801–1948).
Arkadia er namnet på eit fjellendt landskap med grøne høgsletter midt på Peloponnes i Hellas. Men det er òg ein tilstand i hugen til poetiske menneske – eit draumelandskap med syngande hyrdingar og leikande nymfer kring glasklåre kjelder. Den romerske diktaren Vergil la hyrdedikta sine til Arkadia, og i renessansen danna italienaren Jacopo Sannazaro kring 1500 skule med det store prosadiktet Arcadia.
Pastoraldiktinga (frå lat. hyrding) påverka dei fleste kunstartar, også musikken. Hyrdespela i renessansen, som blei kalla pastoralar, utviklar seg kring 1600 til operaen. I barokken fekk me instrumentalmusikk som framstilte det landlege med enkle melodiar i fløyte- eller sekkepipestil, helst i tredelt taktart med ukunstla akkordar til. Pastoralmusikken blei òg viktig i kyrkjesamanheng – J.S. Bachs «Juleoratorium» og Händels «Messias» har begge typiske pastoralsatsar som skal minna om musiserande hyrdingar på Betlehemsmarka.
Temaalbum
Det tyske barokkensemblet NeoBarocks Arcadia. Paradise in Music er eit typisk temaalbum som gjev oss pastoralmusikk av både verdsleg og religiøs sort. (Om komponistane har late seg inspirera av hyrdingar frå Arkadia eller frå Bethlehem, er stundom uklårt, men heller ikkje så viktig.)
Programmeringa, som den skriveføre fiolinisten Maren Ries gjer greie for i omslagsheftet, overtyder. Det gjer òg framføringa, med to fiolinar, cello og cembalo. Men verka er av ujamn kvalitet. Somme av dei høver nok betre på konsert, der ei fengande framføring kan kompensera for skrantane kompositorisk substans.
På tomgang
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.