JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Hyllestplate til Joe Zawinul

Øien har forstått det musikalske prosjektet til Zawinul.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1903
20230414
1903
20230414

Jazz

Jørn Øien:

Cosmo­politan

Jørn Øien, tangentinstrument, programmering og vokal; Magnus Bakken, sopransaksofon; Anja Skybakmoen, vokal (4); Sidiki Camara, perkusjon; Audun Erlien, bass; Rune Arnesen, trommer.
Curling Legs

Joe Zawinul er ein av dei mest fascinerande personlegdomane i moderne jazz. Både som komponist, instrumentalist og orkesterleiar er han ein av dei store. Det er laga fleire hyllingsplater til han, og orkesteret han leia saman med Wayne Shorter i 16 år, Weather Report, og «Birdland» må vera ein av låtane som er oftast tolka av andre artistar. Mykje av dette har eg høyrt og ikkje blitt særleg imponert over. Eg var i utgangspunktet skeptisk til denne plata.

Så feil kan ein ta. Cosmopolitan er ei hylling Joe Zawinul verdig. Jørn Øien lukkast fordi han har forstått kva Zawinuls musikalske prosjekt går ut på. Det er heller ikkje dumt å alliera seg med Audun Erlien og Rune Arnesen. Også Bakken og Camara er gode i sine roller.

Det er likevel Øien som sit i førarsetet. Ikkje berre har han skrive dei åtte låtane, men viktigast av alt: Han arrangerer låtane med å ta i bruk heile verktøykassa til Zawinul. Paletten av synthklangar er sjølvsagt viktig, men Øien har også forstått kor viktig dynamikk, pausar, brot i musikken og Ellington er i Zawinuls univers.

Øien har henta inspirasjon frå dei elleve siste studioalbuma til Weather Report i tillegg til utgjevingane til Zawinul Syndicate. Sitata florerer, men er brukte kreativt i heilskapen.

Aller best er Zawinul når dei akustiske trommene og perkusjonsinstrumenta blandar seg med eit flettverk av riff og eit mylder av synthklangar.

Høgdepunktet på Cosmopolitan er i same gata, «Asante sana kaka». Får du lyst å dansa, bør du bli møtt med forståing.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis