Musikk

Hovud på eit fat

Trass i solid orkesterspel og enkelte gode solistprestasjonar blei ikkje Richard Strauss’ makabre opera Salome noko dramatisk høgdepunkt under Festspillene.

Sopranen Allison Oakes som Salome (t.h.) og tenoren Hubert Francis som Herodes (andre frå venstre) i Grieghallen.
Sopranen Allison Oakes som Salome (t.h.) og tenoren Hubert Francis som Herodes (andre frå venstre) i Grieghallen.
Publisert

Den tyske seinromantikaren Richard Strauss (1864–1949) pressa orkesteret til det ytste. Harmonikken er så avansert og variert at han til tider støyter mot grensene for klassisk-romantisk tonekjensle. Dissonansane er så sterke og vedvarande at lyttaren tvilar på om dei nokon gong vil bli oppløyste til velklang.

I dei tidlege orkesterverka var komponisten ein trollmann til å henta fram uventa klangkombinasjonar. Den fantasifulle instrumentasjonen, der seinromantikkens «orkestervokabular» blir nytta på nye måtar, var grensesprengjande. Gjennom dei symfoniske dikta klarte han å fortelja heile historier med reint instrumentale verkemiddel. Dei klanglege dramaa – anten dei framstilte naturidyll eller uttrykte filosofiske vyar – oppstår i lyttaren, utan hjelp av scenebilete eller songarar.

Denne symfoniske biletkrafta overførte han så kring 1900 til musikkdramatikken, altså operaen. Skandale skapte han med Salome, op. 5, som hadde urpremiere i 1905. Her var det ikkje fyrst og fremst det musikalske som sjokkerte, men historia som blei fortald: Soga om det grenseoverskridande instinktet til prinsessa Salome og det kompromisslause kravet hennar om å få oppfylt lystene sine – som endar i perfid perversitet.

Godt orkester

Festspeloppsetjinga (som er utsett frå 2020) med Bergen Filharmoniske Orkester fekk aldri skikkeleg fram dramatikken i Strauss’ Salome. Det vil seia: Orkesteret, under leiing av engelske Edward Gardner, spelte korrekt og tidvis fengjande (blåsarane og slagverkseksjonen utmerkte seg). Men syntesen av musikk, tekst og scenisk handling, den som utgjer operaforma, blei aldri oppnådd.

Det me opplevde i Grieghallen, var meir konsert enn opera. Dette hadde fleire årsaker: Fyrst og fremst måten dei sceniske problema blei løyste på (eller snarare ikkje løyste). I tillegg kom den problematiske balansen mellom songarar og orkester.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement