JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Hoodoo Lady

Memphis Minnie (1897–1973) var ei stor blueskjelde og ein inspirator for mange.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Uttrykket til Minnie er rytmisk drivande og rått, som mykje av den gamle bluesen, men musikken er samstundes vart og elegant framført, skriv Stein Urheim.

3618
20180921

Memphis Minnie

Tilrådd lytting:

The Best Of (1929–1938), Earl, 1982

Hoodoo Lady (1933–1937), Columbia, 1991

Me & My Chauffeur (1935–1946), Autogram, 2008

Tidleg i tenåra sjekka eg ut alle slags innspelingar av bluesartistar frå 1920- og 30-åra. Eg tykte dette var den ultimate skattekista, med sprakande opptak av musikarar som ikkje lenger levde, men som hadde gjort sine særprega røyster, gitarar, piano, munnspel og songar udødelege. Songar frå ei anna tid, spelte så ein kunne drøyme seg inn i ljoden og attende til ei heilt anna røynd, og ikkje minst, lære seg korleis ein kunne kopiera speleteknikk og stil og meistre sitt eige instrument gjennom den utrykksfulle musikken.

Eg hadde allereie oppdaga blueslegender som til dømes Mississippi John Hurt, Skip James, slidegitarinnovatørane Son House, Bukka White og Robert Johnson, og etter kvart lærte eg ragtimegitar frå opptak etter Blind Blake, Mance Lipscomb og Elisabeth Cotten.

Ein dag fann eg i ein platebutikk ei samleplate frå Columbia Records med artisten Memphis Minnie, ein songar og gitarist eg aldri før hadde høyrt om, med ein heilt særeigen stil. Spelinga minte meg likevel mykje om Robert Johnsons bruk av røyst og gitar, i tillegg til den nolevande kjende gitaristen, songaren og låtskrivaren Bonnie Raitt.

Uttrykket til Minnie er rytmisk drivande og rått, som mykje av den gamle bluesen, men musikken er samstundes vart og elegant framført.

No når eg igjen finn fram og set på dei gamle songane etter henne, er det den same krafta i dei blå tonane og den intense rytmen i gitaren som festar seg.

Memphis Minnie heitte opphavleg Lizzie Douglas og vart fødd i byen Algiers i Louisiana i 1897. Der vaks ho opp som ein av tretten sysken, og ho byrja tidleg å spele og opptre. Ho kunne spele banjo alt som tiåring, og gitar lærte ho seg året etter.

Allereie som trettenåring rømde ho heimanfrå for å opptre på gata i Memphis, og ho vart etter kvart etterspurd som artist. Seinare etablerte ho seg som profesjonell musikar, fyrst i New York, der ho gjorde fleire plateinnspelingar saman med den fyrste ektemannen sin, Joe McCoy, mellom anna låten «When The Levee Breaks», som seinare også vart tolka av Led Zeppelin. I 1960-åra vart låtane hennar også tolka av andre grupper og artistar, som Donovan og Jefferson Airplane.

Blues- og folkartistar som Big Mama Thornton, Bonnie Raitt og Maria Muldaur har framheva Minnie som ei av dei største inspirasjonskjeldene. Minnie var blant dei fyrste bluesartistane som tok i bruk elektrisk gitar, mest sannsynleg tidlegare enn stjerna innan Chicago-bluesen, Muddy Waters. Ho var òg ein stor stilskapar for mange artistar i måten ho leia sitt eiga band på i Chicago i 1940-åra. Også som låtskrivar og lyrikar var ho viktig, og ho skreiv og spela inn over hundre eigne singlar for ulike selskap i ein innspelingskarriere som strekte seg frå slutten av 1920- til midten av 1950-talet.

Høyr på låtane «Down in New Orleans», «Good Morning» og «Moaning the Blues» som døme på den storarta, forteljande og messande røysta hennar, og det glitrande, sterkt rytmiske gitarspelet. «Down in New Orleans» er også eit godt døme på det tidstypiske solobluesgitarakkompagnementet, der ein spelar bass med tommelen samstundes som ein spelar melodiføringar og frasar mellom vokallinjene. Her varierer Minnie små rytmiske motiv heile tida, og ho vekslar elegant mellom ein svingande og meir stakkato rytme, i nær slekt med det Robert Johnson heldt på med på same tid.

Stein Urheim

Stein Urheim er musikar
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis