Høge tempo
Masaaki Suzuki spelar Bachs orgelmusikk med kvikke fingrar og føter.
Treutmann-orgelet (1737) i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
CD
Johann Sebastian Bach:
Bach Organ Works
Vol. 4
Masaaki Suzuki, orgel.
BIS 2023.
Instrumentet japanaren Masaaki Suzuki spelar på i volum 4 i serien med alle Johann Sebastian Bachs (1685–1750) orgelverk, er eit av dei finaste og best bevarte tyske orgla frå barokken. I den katolske St. Georg-kyrkja i Grauhof søraust for Hannover reiste orgelbyggjaren Christian Treutmann mellom 1734 og 1737 sitt magnum opus: eit svært instrument med tre manual (klaviatur) og pedalar som merkjer seg ut med sine linne, intime strykestemmer. Denne pipetypen, som me veit at Bach sette spesielt pris på, imiterer klangen av strykeinstrumentet viola da gamba. Ein meir kuriøs effekt ved Treutmann-orgelet er det komplette, innebygde klokkespelet som nyss er restaurert.
Treutmann har elles ein indirekte forbindelse til Noreg. Han var nemleg læremeisteren til Joachim Wagner, den tyske orgelbyggjaren som i 1741 laga barokkorgelet i Nidarosdomen.
Syngande
Suzuki er mest kjend som cembalist, dirigent og grunnleggjar av Bach Collegium Japan. Innspelingsserien hans med alle Bach-kantatane tykkjer eg er den beste i sitt slag. Men på dette albumet spelar han altså orgel, nærare bestemt to store preludium og fugar, i tillegg til 26 stykke frå Orgel-Büchlein («Den vesle orgelboka»), ei samling stutte koralforspel over melodiar frå den lutherske salmeboka.
Plata er forma som eit avvekslingsrikt konsertprogram. Teknisk er Suzukis orgelspel lytefritt, med presis artikulasjon i både fingrar og føter og fin sans for agogikk, altså dei små tempoforskyvingane som ikkje er noterte, men som det blir overlate til utøvaren å utføra. Best er han i koralforspela, der han tek seg god tid og får salmemelodiane til å synga. Andre stader er der godt driv, til dømes i In dulci jubilo, BWV 608, julesalmen me i Bernt Støylens omsetjing kjenner som «Eg synger julekvad».
Spenstige triller
Likevel tykkjer eg stundom at Suzuki spelar orgelet som om det skulle ha vore ein cembalo. Tempoa i preludia og fugane tenderer til det hektiske. Fyrstesatsen i Preludium og fuge i a-moll, BWV 543, har eldfullt uttrykk, med snøgge noterekkjer som han framfører som ein virtuos fiolinist. Men han lèt ikkje alltid dei lange notane få nok plass; orgeltonen får ikkje klunge skikkeleg ut. På cembalo, der lyden kjem straks, men ikkje varer lenge, ville denne spelemåten fungert optimalt.
Preludium og fuge i c-moll, BWV 549, lèt betre. Begge satsane opnar med ein pedalsolo der Suzuki briljerer. Sjeldan har eg høyrt så flittig og velfrasert fotarbeid hjå ein organist, med elegante, spenstige pedaltriller.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.