Musikk
Hjartet som gløder
Weyes Blood følgjer opp Titanic Rising med andre del i ein trilogi.
Weyes Blood teiknar eit dystert bilete av samtida vår, skriv Øyvind Vågnes.
Pressefoto
På veg oppover og oppover, mot toppen av pariserhjulet, vert det lenger og lenger til det mørke vatnet der nede, og verda slik ein kjenner henne – og det er i denne flukta «Hearts Aglow» plasserer oss, eit nøkkelspor på And in the Darkness, Hearts Aglow, det ferske studioalbumet frå Weyes Blood.
Frå ei slik svimlande høgd kan ein brått setje lit til gryande von: «Eg har venta så lenge på at nokon skal lyse opp hjartet mitt», heiter det i songen, som utvilsamt har inspirert skinet du kan få auge på på plateomslaget, som ifølgje Weyes Blood – låtskrivaren og artisten Natalie Mering (f. 1988) – var meint å framkalle assosiasjonar ikkje til religiøs ikonografi (slik dei fleste har tenkt), men til science fiction.
Den tvitydige biletbruken er likevel produktiv, for songane på And in the Darkness, Hearts Aglow tematiserer førestillingar om lengten etter det transformative, etter ei endring som kan verke inn på korleis både individet og kollektivet kan tore å førestille seg framtida.
Vedvarande prosjekt
Det finst vel knapt noko album eg har hatt større forventningar til i 2022 enn dette femte studioalbumet frå Weyes Blood. Den førre plata frå den kanten, Titanic Rising (2019), høyrer til mellom dei utgivingane eg har vigd mest tid til dei siste åra – eg vender jamleg tilbake til songane der. Dermed vert eg meir enn glad når den nye plata byr på meir av det same. Mering – som tidlegare har laga mellom anna støymusikk – hadde opphavleg tenkt å gå i ei ny retning etter Titanic Rising, men har fortalt i intervju at songane som kom, kjendest meir som eit framhald, og at ho no trur det vert ein trilogi av det, som er eit vedvarande prosjekt.
Mering er noko av ein låtskrivar, med komposisjonar som talar til vår tid, og til same tid rommar fleirfaldige velplasserte rockehistoriske ekko, og den klare røysta hennar kan sende tankane til namn som Karen Carpenter og Judee Sill. Opningssporet, den pianodrivne balladen «It’s Not Just Me, It’s Everybody», skildrar korleis dei overveldande endringane vi har sett, og ser, i verda rundt oss, tvingar det menneskelege individet til å sjå seg sjølv som del av noko større – Mering kallar sjølv songen ein «buddhistisk hymne». Orkestreringa, koringa og harpespelet til den alltid eminente Mary Lattimore løftar låten og gir albumet ein start ein skulle tru det var vanskeleg å følgje opp, men vi er berre så vidt i gang.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.