JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Heterogent i Håkonshallen

Den samspelte og allsidige duoen Urioste & Poster baud på eit svært blanda program.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Duo og ektepar: fiolinisten Elena Urioste og pianisten Tom Poster.

Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen

4413
20220603
4413
20220603

Festspelkonsert

Bull, Simpson, C. Schumann, Britten, Grant, Grieg:

Urioste & Poster

Elena Urioste, fiolin; Tom Poster, klaver.
Håkonshallen, torsdag 26. mai

Konserten med fiolinisten Elena Urioste og pianisten Tom Poster er éin av fleire festspelkonsertar som opphaveleg skulle gått av stabelen i fjor. På konserten i Håkonshallen torsdag førre veke presenterte dei mellom anna fersk musikk som har blitt til under pandemien, ein periode der ekteparet openbert har vore produktive.

På internett har dei publisert nærare 90 videoar med alt frå gamal, klassisk musikk til nye arrangement av pop og rock. (Poster er ein dyktig arrangør.) Konsertprogrammet deira spegla dette mangfaldet.

Kraftig kaskade

To av stykka var av nolevande komponistar. I An Essay of Love reflekterer Mark Simpson (fødd 1988) over pandemien. Verket opna med ein kraftfull klaverkaskade à la Griegs a-mollkonsert, før det gjekk over i eit svevande og vakkert parti med lint repeterte akkordar i klaveret.

Stykket kan kallast romantisk på den måten at det har tydeleg avgrensa delar som blir utvikla gjennom lange crescendoar til ein nærast aggressiv patos. Best likte eg dei klangsvake partia der komponisten greier å uttrykkja noko uvisst og framandt. Den «opne» avslutninga, der klangen ebbar ut – ja, nærast fordampar – i det høge registeret, fungerte bra.

Det andre nye verket hadde ein heilt annan karakter: Donald Grants (fødd 1980) Bha là eile ann (skotsk-gælisk for «Det var ein annan dag») utstrålte den avdempa, fatalistiske melankolien som er så typisk for irsk og skotsk folkemusikk. Framføringa var god, og verket var interessant på den måten at fiolinstemma akkompagnerte klaveret, og ikkje omvendt, som jo er det vanlege. (Framføringar med Urioste og Poster av begge desse verka kan lett søkjast opp på internett.)

Marsjerande mus

«Ikkje bli overraska om eg berre komponerer wienervalsar frå no av», skreiv den unge Benjamin Britten (1913–1976) til klaverlæraren sin i eit brev frå Wien i 1934. Der byrja han på det som skulle bli Suite for fiolin og klaver, op. 6. Den erkeengelske Britten gjorde heldigvis ikkje alvor av trugsmålet sitt, men suiten har ein vals som finale – ein fandenivaldsk vals.

Verket har humor, og det krev ein virtuos fiolinist, som jo Urioste er. Samspelet med Poster sat som det skulle og imponerte særleg i andresatsen, som er ein marsj – eller «musemarsj», som Urioste så treffande kalla han. Fiolinisten og pianisten spelar her nemleg annankvar note. Om me skal samanlikna med teateret, blir det som om to skodespelarar skulle framføra éin monolog saman der kvar seier fram annakvart ord. Om flyten skal bli god, er dette vanskeleg.

Statisk

Programmet som heilskap var ueinsarta, litt for ueins­arta etter min smak. Det byrja og slutta romantisk. Ei nokså dåmlaus framføring av Ole Bulls (1810–1880) «Sæterjentens søndag» (1848) opna det heile. Versjonen med klaverakkompagnement er problematisk, klaverstemma er jo så håplaust skrinn og statisk. Orkesterversjonen fungerer betre, for han dekkjer over kompositorisk veikskap med vakker klang.

Clara Schumanns (1819–1896) Tre romansar, op. 22 (1855), fengde meg heller ikkje, noko som ikkje berre hadde med framføringa å gjera. Rettnok er den tredje romansen, «Leidenschaftlich schnell» («Lidenskapleg raskt»), ikkje så verst. Men dei to fyrste satsane er temmeleg trasig komponerte.

Høgdepunktet

«I dag har jeg hatt 3 uker ferie, og i disse 3 uker har jeg skrevet en ny fiolinsonate», skreiv Edvard Grieg til ein dansk ven sommaren 1867. Resultatet av raptusen var Fiolinsonate nr. 2 i G-dur, op. 13, som er Griegs store nasjonale sonate. Ingen av dei andre kammermusikkverka hans er gjennomsyra av norsk folkemusikk. Det vil seia: Grieg nyttar ikkje genuin folkemusikk, men melodiske og rytmiske impulsar frå folkemusikken, som han meistrar å innlemma i den klassisk-romantiske sonateforma. Tydelegast er det i yttersatsane, som har spenstig springarkarakter.

Urioste og Poster valde å ikkje framheva det rurale. Det er sjølvsagt lov. Dei gav oss ein elegant og kontinental Grieg, ein tolkingsmåte dei gjennomførte med overtyding.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Duoen gav oss ein elegant og kontinental Grieg.»

Sjur Haga Bringeland om Urioste & Poster

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis