Heimsøkte songar
Hania Rani lagar delikat kunstpop.
Hania Rani er utdanna pianist frå heimbyen Gdansk og Chopin-universitetet i Warszawa.
Foto: Haniarani.com
Pop/Rock
Hania Rani:
Ghosts
Gondwana Records
Kor mange har funne vegen til Ghosts, albumet som den polske artisten Hania Rani gav ut seint i haust, etter å ha høyrt henne framføre tre av songane derfrå på ei nyleg utgåve av NPRs minikonsertserie «Tiny Desk Concerts»?
Det er ikkje godt å seie, men eg høyrer til mellom dei som leitte fram utgivinga og tok ein lytt. Det er vel også ein stor del av poenget med det enkle, smarte konseptet, som vart lansert i 2008 – at ein nedstrippa smakebit innspelt live i eit radiostudio skal føre lyttarar nærare ein plateaktuell artist.
I opptaket trakterer Rani eit akustisk piano og ein synth og utstyrer musikken med rytme. Med seg har ho Ziemowit Klimek på bass og synth. Det er fascinerande å sjå den konservatorieutdanna Rani ved tangentane – versjonane vi får høyre, framhevar unekteleg dei store kvalitetane hennar som pianist. Sjølv om dei er tydelege også når ein lyttar til Ghost, kan det fort hamne i skuggen, sidan det er så mykje anna som også skjer på det albumet.
Inspirasjon
Berlin-baserte Rani har nok late seg inspirere av komponisten og musikaren Nils Frahm, som held til i same by, for miksen av elektronika med impulsar frå den klassiske musikktradisjonen kan likne. Men vel så viktig er det at ho med Ghosts framstår som låtskrivar og vokalist med eigenart.
Eg får assosiasjonar til kunstpopen til ein artist som Stina Nordenstam i møtet med røysta hennar, og det er også talande at artistar som Ólafur Arnalds, Patrick Watson og Duncan Bellamy (Portico) gjestar på nokre av songane. Her vil det variere frå lyttar til lyttar kva for assosiasjonar ein får, men både Radiohead og Julia Holter er namn som dukkar opp i mitt møte med Ghosts.
Velprodusert
Med slike referansar dreier det seg openbert om velprodusert musikk, og Ranis komposisjonar manglar ikkje på vellyd. Tittelen er velvald, for fleire av songane tematiserer eller sirklar rundt det heimsøkte. Det eteriske uttrykket kler rett og slett materialet, og det gåtefulle omslaget gir ein god indikasjon på kva som ventar den som finn vegen inn, med sitt mystiske, nattsvarte motiv, der meir enn halve fotografiet er prega av eit mørker som kan skjule så mangt.
Dermed kan ein for så vidt også kanskje seie at NPR-kvarteret berre til dels er representativt for det som først og fremst kjenneteiknar Ghosts’ 67 minutts speletid. Eit spor som hypnotiske «Komeda» varer nesten like lenge som heile konserten i radiostudioet, og mollstemte songar som avsluttande «Utrata» og «Nostalgia» framstår nærast som skjøre – og kanskje dermed mindre eigna til å lokke nye lyttarar i løpet av ei kort radiostund.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen, og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.