Heilskapleg tematikk
Drifting byd på lett og lyttande samspel.
Mette Henriette Martedatter Rølvåg har komponert så godt som alt på det nye albumet.
Foto: Anton Corbijn
Jazz / samtidsmusikk
Mette Henriette:
Drifting
Mette Henriette, tenorsaksofon, Johan Lindvall, piano, og Judith Hamann, cello.
ECM
Mette Henriette Martedatter Rølvåg, med artistnamnet Mette Henriette, gav for sju år sidan ut ein dobbel-CD på ECM, den eine CD-en med ein trio som her og den andre med eit større ensemble. 24 år gamal er ho ein av dei yngste debutantane på det tyske prestisjemerket. Den gong som no er det komponisten Mette Henriette som står i rampeljoset.
I Johan Lindvall har ho funne ei musikalsk tvillingsjel, og Judith Hamann, som ikkje var med på debutplata, finn sin plass på utmerkt vis. Trioen har spelt inn 15 komposisjonar, og orkesterleiaren er ansvarleg for 14 av dei, medan ho deler æra med Lindvall på «Rue du Renard». Innspelinga er gjord i Munchmuseet i perioden 2020–2022. Ti av stykka er på under tre minuttar, og det lengste er på vel seks. Heile plata kan sjåast på som eit verk som tematiserer vemod, ettertanke og kontemplasjon. Stykka har eigenart og identitet, men bryt aldri med den gjennomgåande tematikken.
Det er vanskeleg å skilja det komponerte frå det improviserte i dette minimalistiske musikalske landskapet, og det er vel strengt teke ikkje eit stort poeng heller. Dei tre har utvikla eit intimt samspel der instrumenta inntek skiftande roller. I «I villvind» skapar Lindvall og Hamann klangleg og harmonisk fundament for saksofonen til Mette Henriette. «Chassé» byrjar med ein duosekvens i 3/4 (som tittelen ber bod om), så kjem Hamann inn i rubatodelen og skapar eit visst drama og mørker. I tittelkuttet og «Oversoar» går saksofon og cello opp i einannan og viklar seg saman i eit kjenslevart samspel. Det finst såleis mykje variasjon på ei plate med sterk tematisk konsentrasjon.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.