Musikk

Heilskapleg og vellukka

Ein samspelt trio skårar på eit sterkt repertoar.

Publisert

Kjetil Mulelid er ein av dei travlaste jazzmusikarane her på berget, med 13 plater på fem år der han anten er leiar eller har ei sentral rolle. Det er likevel ingenting som tyder på at platene på noko vis er prega av hastverk – ei heller den siste trioplata.

Mulelid står som komponist på åtte av ti spor. «Imagine Your Front Door» er noko trioen har improvisert fram i studio, og så har dei laga ei makelaus tolking av Judee Sills «The Archetypical Man» frå den sjølvtitulerte debutplata hennar som kom i 1971. Diverre gjekk ho bort åtte år seinare i ein alder av 35.

Den største attraksjonen med denne plata er dei flotte låtane. Sills bidrag er alt nemnt, men også Mulelid overgår seg sjølv. Ikkje berre er det store fleirtalet av låtar i seg sjølv verdt å merka seg, men dei skapar ei breidd i uttrykket og står fint til kvarandre. Den harmonisk elegante balladen «Paul» og den påfølgjande balladen «Endless», med særs velforma dramaturgi og eit solistisk strekk av Mulelid som løftar låten ytterlegare, og den slentrande, men oppstemte «The Road» med ein herleg groove og ei country/gospel-kjensle innleier på eksemplarisk vis plata. Spesielt samspelet i trioen gode to minuttar ut i sistnemnde, der det går føre seg i det nedre registeret på flygelet, er musikalsk gjørmebryting av beste merke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement