Hamløyparens nye drakt
The Art of the Lie er typisk, umiskjenneleg John Grant.
Det nye albumet til John Grant kjem ut i dag. Til hausten spelar han til Noreg.
Foto: Hordur Sveinsson / Bella Union
Rock
John Grant:
The Art of the Lie
Bella Union / PIAS
Barnefangaren er i live, stadfestar John Grant, i den mildt sagt urovekkjande songen «The Child Catcher», eit nøkkelspor på dagsferske The Art of the Lie: «His shape is shifting right before your eyes again.»
Skapnaden skal vere laust bygd på ein karakter i spelefilmen Chitty Chitty Bang Bang (1968), som må ha gjort temmeleg sterkt inntrykk på ein ung Grant. Mest av alt framstår likevel den mytiske figuren som ein som har eksistert i ulike former til alle tider. Han har alltid stått der i skuggane og sett etter deg, syng Grant, men no lokkar han deg over ein terskel du helst ikkje skulle ha gått over.
Suggestiv metaforikk
Det er ikkje fritt for at tankane går til hamløyparen, i alle sine avskuggingar, i møtet med Grants isnande «shapeshifter», og då ikkje minst ei mengd variantar i vår tids populærkultur. Det dreier seg om ein rik, suggestiv metaforikk. Sonisk er det lite som står i vegen for slike assosiasjonar. Grant har kalla «The Child Catcher» eit slags kjærleiksbrev til Dead Can Dance og Vangelis, og det gir meining, ikkje minst i møte med synthen, som legg seg kledeleg dramatisk som eit teppe over lydbiletet med stor effekt. Dette er ingen godnattsong!
«The Child Catcher» kjem på oppløpet på The Art of the Lie, og det er sterkt: «Daddy», «Laura Lou» og «Zeitgeist» er etter mitt syn Grant på sitt aller beste. Det vil glede trufaste lyttarar å høyre at årets utgiving er typisk og umiskjenneleg Grant. Han syng om dei same englane og dei same demonane, for å seie det sånn, og vekslar mellom funky, dansbare songar og eksistensielle, nakne balladar.
Variasjon
Som tidlegare, er han anten slagferdig og sint eller reflektert og lei seg. For denne lyttaren fungerer sistnemnde type song best. Eg synest smarte og frekke låtar som «Meek AF» og «It’s a Bitch» vert litt tunge i sessen, med for lang speletid – dei er rett og slett litt trøyttande.
Så skjøner eg likevel at ein viss variasjon er naudsynt. Ein kan nemleg ikkje fylle ei heil plate med den typen materiale Grant er aller sterkast på – dei hudlause balladane som tematiserer trauma han har kava med gjennom livet sitt. Både «Daddy» og «Zeitgeist» høyrer med i denne kategorien, og slike lytteopplevingar kan ein ikkje fylle ei heil plate med. Sorga over ikkje å verte akseptert som den ein er, er eit stort tema i songane til Grant, og held fram med å vere det på The Art of the Lie (som i tittelen spelar på Trumps The Art of the Deal frå 1987, då ekspresidenten i ein viss forstand framleis stod og lurte i skuggane).
Ivor Guest er med som produsent denne gongen, og Grant er også karakteristisk leiken – eg har verkeleg sansen for menneske-og-maskin-spelet på ein song som «Laura Lou», som fekk meg til å tenkje på første gongen eg høyrde Jóhann Jóhannssons «Odi et Amo» (2002). Metamorfosar og transformasjonar, det er Grant god på – og det skal verte spennande å sjå kva for nokre av desse nye songane som finn vegen inn i repertoaret når han vender tilbake til Noreg i samband med turneen sin til hausten.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar, professor ved Universitetet i Bergen og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.