JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Guqinens stille kraft

Ei eldgamal form for strengemusikk er på veg ut av solsystemet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein bodhisattva som spelar guqin. Steinfigur frå Wei-dynastiet funnen i Shanxi i Kina.

Frå Wikipedia.org

3971
20230217

Ein unik del av kinesiske kulturarv

Tilrådd lytting:

«Flowing Water», Guan Pinghu

Dialogue Between Fisherman & Woodcutter, Gong Yi og Luo Shou-cheng

Masterpieces of the Chinese Qin from the Tang Dynasty to Today

Mykje av det ein høyrer og les i vestlege medium om Kina si framferd om dagen, omhandlar undertrykking og utnytting av uigurar, krigshissing mot Taiwan, overvaking av eigne innbyggjarar, og mykje anna grums. Men av og til kan det vera greitt med eit lite avbrekk frå dagsaktuelle nyheiter. Ein kan til dømes lytta til ein i dag marginalisert, men unik del av den kinesiske kulturarven: eit instrument som er lågt i volum, men rikt i klangen, og som ber namnet guqin.

Guqin, eller berre qin, er ein type siter – eller harpeleik – laga av eit enkelt, langt trestykke med syv strengar. Ein kan ut frå skriftlege kjelder datera instrumentet godt over 3000 år tilbake i tid, og det er dimed eit av verdas eldste strengeinstrument. Det finst framleis 1500 år gamle instrument i spelbar stand.

Heilagt verktøy

Qin vart sett på som eit bindeledd mellom menneske, jord og himmel, meir som eit heilagt verktøy til åndeleg opplysning enn som eit musikkinstrument som skulle underhalde. Instrumentet hadde nære band til annan kunst, som kalligrafi, måleri, poesi og filosofi, og var ein viktig del av kulturen i ulike kinesiske dynasti. Musikken vart opphavleg brukt i seremoniar, der ein ville føre menneska nærare universet. Han var ei kjelde til meditasjon for nokre få lyttarar og utøvaren sjølv og har ikkje vorte eit konsertinstrument før i moderne tid.

Guqinmusikken er noko av det mest fullenda eg veit om, og er minimalistisk og detaljrik på ei og same tid. Han har mange lag og dimensjonar og fungerer ypparleg som musikk i bakgrunnen, men er òg forteljande og full av informasjon for ein meir aktiv lyttar.

Meditativ klang

Klangen gav meg i starten assosiasjonar til slidegitar og deltablues frå Mississippi i måten ein ofte glir mellom tonehøgdane på, i pentatone melodiar, altså frasar baserte på fem tonar med ulike stemningar og tonalitet. Men musikken har ei heilt anna form og ein mildare, meir meditativ klang i sjølve instrumentet.

Eg var ein gong heldig og fekk treffe ein formidabel qinutøvar i Beijing på ein turné i Kina. Her fekk eg ei sjenerøs innføring i og oversyn over instrument og speleteknikk og eit hav av idear til klangar i min eigen musikk, der eg har brukt guqin på meir utradisjonelle måtar. Sidan har eg vore på fleire guqinkonsertar og på ny og på ny vorte mint på krafta i den stille musikken.

Dette er meditativ, men òg særs dynamisk, forteljande og biletleg musikk. Sjølv om uttrykket mange gonger kan opplevast nærast som om tida står stille, finn ein dramatiske parti der ein – når komposisjonane byggjer seg opp mot eit klimaks – kan sjå føre seg bratte fossefall og rasande stormer. Musikken er elegant, konsentrert og full av ein slags atterhalden energi som gjer meg som lyttar fokusert og konsentrert.

Djupt inntrykk

Meir enn 23.500 milliardar kilometer unna, på veg i full fart ut i det ytre rommet, finst to gullplater med musikk og taleopptak frå heile verda, festa til romsondane «Voyager 1» og «Voyager 2». Sondane forlét jorda sommaren 1977 på oppdrag frå Nasa for å ta bilete på veg i solsystemet vårt, men òg for å bere med seg bodskap og kommunikasjon frå vår eigen planet og oss menneske, i tilfelle han nokon gong skulle støyte på og bli undersøkt av anna intelligent liv der ute.

Eit av dei utvalde spora på denne plata er «Flytande straumar» (fritt omsett), spela av ein av nyare tids guqinmeistrar, Guan Pinghu. Stykket er meisterleg spelt, gjer djupt inntrykk og fortel på elegant vis ei særs dynamisk, musikalsk historie på eit enkelt stykke tre med strengar på – eit representativt utdrag musikk frå oss alle til dei som eventuelt måtte vere der ute.

Stein Urheim

Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis