JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Grundig og godt tonalitetseksperiment

Grovens teoriar frå 1920-åra er realiserte som samtidsmusikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2306
20211001
2306
20211001

FOLKEMUSIKK/ELEKTRONIKA

Naaljos Ljom:

Naaljos Ljom

Anders S. Hana: elgitar, langeleik og munnharpe; Morten Joh: analog synth, elektronikk
Motvind Records

Tonalitetsspørsmålet har lenge oppteke norske folkemusikkgranskarar. Mykje av denne teorien er matematisk basert og kan vera vanskeleg å skjøna, men det handlar om tonar som finst mellom dei vanlege halvtonetrinna i skalasystemet ein nyttar i konvensjonell notasjon. Naturtonar og overtonerekkjer er òg sentrale omgrep.

Dei stavangerbaserte musikarane Anders S. Hana og Morten Joh er mest kjende for alternative musikkformer som støyrock og frijazz, men her har dei dykka djupt ned i delar av folkemusikken. Det som særmerker prosjektet, er at det handlar om langt meir enn dei ofte overflatiske blandingane av folkemusikk og jazz/rock. Eit av dei få prosjekta som kan minna om dette, er Ola Snortheims (kjend som trommeslagar i De Press og Circus Modern) «Langsomt mot nord» frå 80-åra.

Dei musikalske ideane er praktiske utprøvingar av Grovens teoriar. Hana har lært seg å spela langeleik og munnharpe, som han nyttar i tillegg til ein modifisert gitar. Dei analoge synthane er dessutan stemte i samsvar med dei tradisjonelle instrumenta (og teoriane til Groven). I tillegg spelar Olav Christer Rossebø hardingfele og Kenneth Lien syng på kvar sitt spor.

Dei seks spora tek utgangspunkt i slåttar/songar frå folkemusikkarkiva. Av og til ligg melodien langt framme i lydbiletet, andre gonger er melodien spelt av i svært låg fart og kling meir uattkjenneleg. Det rytmiske elementet er sterkt til stades og tek utgangspunkt i trampinga i tradisjonell framføring, men det elektroniske lydbiletet gjev vel så sterke assosiasjonar til techno og annan klubbmusikk.

Dette er den svakaste sida av produksjonen. Medan dei akustiske og elektroniske lydane smeltar godt saman og den grundige utprøvinga av tonalitet tilfører dei melodiske og harmoniske elementa kompleksitet og djupn, er dei perkussive lydane tilsvarande enkle. Men som heilskap er dette eit fascinerande eksperiment prega av grundig arbeid med kjeldemateriale, teori, instrumentbruk og produksjon.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis