JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Grieg på sitt beste

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ragnhild Hemsing og Tor Espen Aspaas i Griegs villa på Troldhaugen.

Foto: Thor Brødreskift

1847
20240531
1847
20240531

Festspelkonsert

Beethoven, Grieg, Halvorsen:

Fiolin- og klavermusikk

Ragnhild Hemsing, fiolin og hardingfele; Tor Espen Aspaas, klaver.
Troldhaugen, tysdag 28. mai

Når det kjem til stemning, er det ingen festspelarrangement som kan måla seg med intimkonsertane i Edvard Griegs villa på Troldhaugen. Seint tysdag kveld fekk historia klinga gjennom komponistens eige Steinway-flygel frå 1892, i samklang med ei hardingfele bygd til Griegs ungdomshelt Ole Bull. Fele og fiolin blei traktert av årets festspelmusikar Ragnhild Hemsing, akkompagnert av Tor Espen Aspaas – to musikarar som har det sams med Bull og Grieg at dei blandar folkemusikk og klassisk musikk i kunsten sin.

Hemsing, som har spelt både fiolin og hardingfele sidan ho var fem, opna med ein bruremarsj etter Myllarguten på hardingfele, som Aspaas så framførte i Griegs «attdikting» for klaver. Når eg høyrer desse stykka frå Slåtter, op. 72, blir eg gripen av det radikale i klaverstilen til den aldrande Grieg. Den tysk-romantiske fernissen folkemusikkarrangementa hans ofte har, er pussa bort; klangyta er som øksa laft, med rue dissonansar og bråe, ukunstla overgangar. I nevane til Aspaas lét det storfelt.

Ludwig van Beethovens elegante Fiolinsonate nr. 1 i D-dur frå op. 12 verka litt malplassert i programmet, og framføringa var heller ikkje like overtydande som avslutningsnummeret: Griegs Fiolinsonate nr. 2 i G-dur, op. 13, der Hemsing slo seg laus med sjenerøse bogestrok og brutale aksentar. I kontrast til dette fekk dei avdempa og melankolske partia i stykket ekstra stor verknad.

Skal ein nytta eit omgrep frå retorikken, kan ein seia at det er ein eigen etos over Hemsings Grieg-tolkingar. Ho byr på seg sjølv og den feletradisjonen i Valdres ho spring ut av. Resultatet er ei truverdig kraft.

Sjur Haga Bringeland

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis