JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Grannsamt galanteri

Andrea Coen realiserer Telemanns underfundige danseprosjekt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Galant systematikk: Georg Philipp Telemann (1681–1767) på eit koparstikk frå 1740-åra.

2914
20220107
2914
20220107

CD

Georg Philipp Telemann:

100 Menuets

Andrea Coen, cembalo. Brilliant Classics 2021

Telemann var si tids mest populære komponist i det ikkje-katolske Tyskland. Han var kantor og komponerte veldig mykje kyrkjemusikk, nærare 2000 kantatar og mest 50 pasjonar. Men verdsleg musikk av den moteriktige sorten interesserte han kanskje endå meir enn det sakrale.

Spesielt er at han her kombinerte barokkens grannsemd – hangen til systematikk og talsymbolikk – med den galante tidas krav til lettskap og tidsfordriv. Dei to Telemann-samlingane som den italienske cembalisten Andrea Coen no har spelt inn, syner dette. Som så ofte med 1700-talsmusikken har verka eit didaktisk aspekt. Komande cembalistar skulle læra å manøvrera innanfor dei ulike toneartane, som blir systematisk gjennomgåtte. Men eg trur konseptet òg speglar Telemanns personlegdom, som ein lærd mann med glimt i auget.

Melante

Det fyrste samlinga heiter Sept fois Sept et un Menuet (1728) og oppfylgjaren Zweytes sieben mal sieben und ein Menuet (1730). Begge kom ut i Hamburg under det anagramatiske pseudonymet «Melante» (bokstavane i ordet «Telemann» i omkasta rekkjefylgje). Me får her høvesvis sju gonger sju pluss éin menuett, altså 50. Menuettar er grasiøse franske pardansar i tredelt takt – nynn på bergenssongen «Jeg tog min nystemte Cithar i Hænde», så veit du korleis slike artar seg.

Coen står overfor ei vanskeleg oppgåve med albumet sitt, nemleg ein akutt overdose menuettar. Eg vil difor tilrå lytting i mindre dosar. Høyrer ein aktivt etter, merkar ein mangfaldet Telemann fekk ut av det enkle – og Coens evne til å framheva det særeigne ved einskildsatsane.

Nokre døme: Det femte stykket i fyrste samlinga bryt ut av det konvensjonelle formskjemaet (asymmetriske fraselengder). Det siste stykket i andre samlinga går i kanon (toppstemma og basslina spelar den same melodien, men byrjar ulikt). Og det siste stykket i fyrste samlinga er komponert «opp ned» (basslina har melodien medan toppstemma akkompagnerer).

Underleg formulert

«Sju gonger sju pluss éin menuett» er ein omstendeleg tittel. Kvifor ikkje berre «Femti menuettar»? Her merkar me barokkmusikaren med sans for symbolikk, og den skulle helst vera frå Bibelen. I Tredje Mosebok, kapittel 25, står det: «Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra blir førtini år. Den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa høgt i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet. [...] Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk.»

Men kanskje kan formuleringa av titlane òg skjønast biografisk. Det året Telemann gav ut Zweytes sieben mal sieben und ein Menuet fylte han nemleg 49 år – og var slik i sitt femtiande livsår.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis