JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Gotiske røyster

Sjølv om musikken er komplisert, treng han ikkje å verka utilgjengeleg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Noteark frå samlinga «Old Hall Manuscript», som blei til kring 1420.

Foto: British Library

2864
20210903
2864
20210903

CD

Ymse komponistar:

Echoes of an Old Hall

Gothic Voices. Linn Records 2021

Mellomaldermusikarar må vera dei mest akademiske musikarane me har. Teksten i omslagsheftet til dette albumet, som er skriven av ein av utøvarane, er så full av engelske ord eg ikkje kjenner, at eg måtte lesa han med ordbok. Men ein ting er det reint språklege. I tillegg kjem dei mange faguttrykka, som krev eit oppslagsverk nummer to.

Å framføra den for oss temmeleg framandvorne mellomaldermusikken, er ikkje berre ein kunst, men ein vitskap for seg. Men må me kjenna til komposisjonsteknikkane – dei kompliserte rytmiske strukturane, reglane for konsonans og dissonans og, ikkje minst, latinen – for å ha glede av han? På ingen måte. Me kan nyta han som eit estetisk objekt, som me i grunnen gjer med all musikk.

Old Hall Manuscript

Om eg frå ein publikumsståstad skal samanlikna mellomaldermusikken med ein annan type musikk, må det vera samtidsmusikken, som ofte er samansett, utan at det nødvendigvis gjer han utilgjengeleg for lyttarar med bakgrunn frå det barokke og klassisk-romantiske repertoaret.

Repertoaret til det britiske ensemblet Gothic Voices, som blei stifta i 1980, er då òg nettopp mellomaldermusikk og samtidsmusikk – sjølv om det den gamle musikken dominerer diskografien deira, som er på over 20 album. På det nyaste, Echoes of an Old Hall, syng dei stykke frå det såkalla Old Hall Manuscript. Denne samlinga av religiøs musikk blei notert på pergament kring 1420 og har fine illustrasjonar (på fagspråket: illuminasjonar). Ho inneheld mest 150 einskildstykke og er ei av dei viktigaste kjeldene våre til musiseringa i engelsk seinmellomalder.

Metamusikk

Opningssporet er det mest spesielle. Arae post libamina, som blei komponert av Mayshuet de Joan kring 1380, verkar som eit etisk manifest for oppriktige songarar. Det er ein slags metamusikk om musikken og musikarar og gjev oss eit sjeldsynt innblikk i korleis songarane den gongen såg på seg sjølve – eller korleis dei ville bli sett. Musikken blir livfullt framført av Gothic Voices, med ei roleg understemme som blir kontrastert av ei snøgg og ordrik overstemme. Men dette er ikkje det einaste som kontrasterer i stykket. Fyrste- og andrestemma framfører faktisk to heilt ulike tekstar samstundes, der den eine fokuserer på det positive dømet, den andre på det negative.

Resten av albumet dreier seg om tilbedinga av jomfru Maria, dåtidas mest populære helgen, og syner stilistisk den kulturelle einskapen mellom Frankrike og England i tida. Framføringa ber preg av den grundige kunnskapen musikarane har til repertoaret. Teknisk er dei suverene, med akkurat diksjon, god intonasjon og fin flyt i fraseringa.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis