Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Gode, gamle dagar

Ikkje heng deg opp i det som ein gong var, er rådet frå Courtney Marie Andrews.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Courtney Marie Andrews har gitt ut eit nytt album og kjem til Oslo til våren.

Foto: Chalk Press Agency

2823
20221007
2823
20221007

Rock

Courtney Marie
Andrews:

Loose Future

Fat Possum / Border

Det er dette som er dei gode gamle dagane, dei vi lever i her og no. Slik er bodskapen i det femte sporet på plata Courtney Marie Andrews kjem ut med i dag, titulert Loose Future. «Don’t let time slip away», syng trubaduren på «These are the good old days». For slik er jo farane med å bruke for mykje tid på å preike om gode, gamle dagar – brått mistar ein av syne det som er her og no, livet det av og til kan kjennest som ei gåve å vere midt i.

Rett fram

Det er klart at slik livsvisdom fort kan lyde platt innanfor rammene av ein liten låt på to–tre minutt, men så er altså Andrews ein av desse låtskrivarane som kan tore å driste seg til å prøve. Det er noko rett fram over tekstane hennar, dei små faktene i det ho gjer.

Når eg har sett fram til haustens utgiving, er det fordi eg har lytta ein del til både førre album, Old Flowers (2020) og dei som kom før, og oppdaga dei store kvalitetane hennar som artist. Songar som «If I told» (frå nett Old Flowers) og «Table for one» (frå Honest Life, 2016) vitnar om ei eiga evne til å skildre situasjonar og stemningar, og å halde igjen, med akkurat nok.

Éin fot i framtida, og éin i det som var – slik er spagaten det vert teikna eit bilete av i «These are the good old days», og fleire av låtane på denne plata nærmar seg, og reflekterer rundt, eit slikt sprik.

Tittelsporet, til dømes, sirklar inn ei «laus framtid», og med det meiner Andrews at ein gjer best i å ikkje tenkje seg i hel når ein ser framover – det er nok klokare å tenkje litt laust på det. Når påfølgjande låt, «Older now», reflekterer over kva det inneber å erkjenne at alderen stig, anar ein konturane av ein attgåande tematikk på Loose Future.

Oppstemt

Sjølv om Andrews held seg til dei same musikarane – Christopher Bear på trommer og Josh Kaufman på ei heil rekkje instrument – som på førre album, er det likevel noko som er nytt med denne utgivinga, som har noko oppstemt over seg. Instrumenteringa er meir mangfaldig, og musikken lettare og mildare, med melodiar som går rett inn alt ved første lytt. Og røysta – ta ein lytt på den avsluttande pianoballaden «Me & Jerry», og du får eit bilete av vokalisten Andrews, idet ho tek i og løftar songen på tampen. Loose Future er lyden av ein artist som tillet seg å sjå på det som er lyst i livet.

Fire plater ut, og det finst eit fint repertoar å velje frå for Courtney Marie Andrews, som eg høyrde i ein liten klubb i Paris for eit knapt års tid sidan, der hovudvekta låg på Old Flowers. Til våren – nærare bestemt 22. mars – kjem ho til Oslo, med konsert på Rockefeller. Denne er det vel verdt å få med seg.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis