Glitrande triosamarbeid
Kven treng film når ein har slik filmmusikk?
Kjetil Husebø er komponist og pianist.
Foto: Jo Michael de Figueiredo
Samtidsmusikk
Kjetil Husebø:
Emerging Narratives
Kjetil Husebø, synth, sampling, FX, elektronikk, programmering, lyddesign og redigering; Arve Henriksen, trompet, valthorn, tenorhorn, klarinett, fløyte og sampling; Eivind Aarset, gitar, sampling og FX.
Optical Substance Productions
Komponisten og pianisten Kjetil Husebø frå Bergen, no busett i Oslo, har i ein knapp mannsalder jobba med prosjekt som sjangermessig er å finna innanfor ambient-inspirert samtidsmusikk i jazzens grenseland. Musikken til Husebø er ofte storslått og filmatisk. Platesamarbeidet med Arve Henriksen byrja med utgjevinga Sequential Stream (2022). Eivind Aarset kom med på lasset året etter, på plata Years of Ambiguity. Først med Emerging Narratives slår samarbeidet ut i full blom.
Dei tre har arbeidd med stoffet og innspelinga frå ulike studio i perioden frå april 2022 til november 2023. («Nohtronia» blei spelt inn i mai 2021.) Med ein slik arbeidsmåte blir komponering og innspeling ein pågåande prosess, der det endelege resultatet kan ha endra seg monaleg frå utgangspunktet. Musikken er såleis kreditert Husebø og Henriksen (3), Husebø og Aarset (2) eller alle tre (3).
Dei åtte låtane er ein suite som blir bunden saman av gjentakande kompositoriske grep, der trompeten framfører temaet på ei seng av elektroniske klangar. I nokre tilfelle tek gitaren trompeten sin plass. Musikken bevegar seg aldri i raske tempo, sjølv om han ikkje er utan puls og groove. Det meditative gjennomsyrer musikken.
Med låten «Ripples of Connections» bryt dei fortryllinga. Dette er ein låt som kunne ha passa perfekt til ein amerikansk krimserie frå seint 1960-tal. Trass i dette vesle feilskjeret kan ein likevel slå fast at Husebø, Henriksen og Aarset har laga ei av dei beste filmmusikkplatene det ikkje er laga film til.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Ein atomsopp lyser opp nattehimmelen under prøvesprenginga Badger i USA i 1953.
Foto via Wikimedia Commons
Eg er dauden
Samtidig som faren for ein tredje verdskrig er større enn på eit halvt hundreår, ser vi på russiske trugsmål om bruk av atomvåpen som tomme.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»