Musikk
Gjevmilde The Source
Bandet inviterer til ein opplevingsrik musikalsk skogstur.
The Source blei skipa i Trondheim i 1993, og allereie året etter gav dei ut Olemanns kornett – som med eit fiffig ordspel i tittelen og låttitlar elles fortalde kor kjelda var å finna. Seinare har The Source vore ein overskotsaktivitet for bandet. Eilertsen kom med i 2005, elles har dei tre andre vore med frå starten. I tillegg til å gje sju plater har dei halde høgt profilerte jolekonsertar som også har hatt ein kulturpolitisk brodd.
Ein institusjon
... but swinging doesn’t bend them down har gjeve meg eit kjærkome høve til å vitja Olemanns kornett på ny. På eit vis er ringen slutta. Debuten deira var frisk, original, fylt av humor og enormt driv. Framfor alt sa plata: Her er me; merk dykk namnet The Source. Bandet er blitt ein institusjon, og bandmedlemene er berebjelkar i norsk jazz.
Anno 2021 har bandet ikkje noko å prova. Dei ti fotografia til Knut Bry som prydar ileggshefte og omslag er noko meir enn resultatet av ein festleg fotoseanse. The Source sender eit signal om kva tilhøve dei har til å laga musikk i denne konstellasjonen, og korleis me som lydarar bør nærma oss innhaldet på plata.
Flashback
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.