JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Gjer det sjølv-boksen

Bob Dylan kunne ha laga eit av sine aller beste album på 1980-talet, men gjorde det ikkje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bob Dylan var på turné i Europa tidleg i 1980-åra.

Foto: Mollard / AP / NTB

2944
20210917
2944
20210917

Rock

Bob Dylan: 

Springtime in New York 1980–1985

Columbia
Records

Har Dylan laga ein betre låt enn «Blind Willie McTell»»? Med ein melodi laust bygd over jazzstandarden «St. James Infirmary Blues» reflekterer den stemningsfulle elegien over sørstatshistoria, slaveriet og bluesen, og er overveldande rik på inntrykk, med eit og anna ekko frå Blind Willie McTells (1898–1959) «The Dyin’ Crapshooter’s Blues». 

Innspelinga vart gjord våren 1983, med Mark Knopfler i studio, men då Infidels kom ut den hausten, var ikkje «Blind Willie McTell» med. Først i 1991, då Dylan med første utgåve av Bootleg Series gjekk i gang med å gi ut songar som han ikkje hadde funne plass til på platene sine, var låten å finne på ei offisiell utgiving frå Columbia Records, etter at å ha sirkulert lenge nok på piratplater til å gi han eit rykte mellom Dylan-lyttarane.

Paradoks

No er endå eit opptak ute, på den sekstande utgåva av bootleg-serien, boksen Springtime in New York (1980–1985), som samlar songar som ikkje fekk plass på Shot of Love (1981), Infidels og Empire Burlesque (1985). Utgivinga stadfestar paradokset fleire har peikt på i årevis, nemleg at Dylan kunne ha laga eit av sine aller beste album i perioden om han berre hadde valt ut andre songar enn dei han enda med på dei tre platene han gav ut.

Mellom Dylan-nerdar som meg har det å setje saman ei optimal utgåve av Infidels vore ein sær selskapsleik i årevis. Forfattarar som Paul Williams og Clinton Heylin skreiv side opp og side ned om dette på 1990-talet, og Jonathan Lethem har ein engasjert diskusjon i The Cambridge Companion to Bob Dylan (2009).

Tidleg på 1990-talet måtte ein jobbe litt med å få tak i det ein trong for å kunne nerde seg heilt til botnar i denne materien, og skaffe seg piratopptak herfrå og derfrå. I internettets tid har denne smale aktiviteten vorte ganske så demokratisert, idet Dylans folk støvsugar arkivet og gir ut boks etter boks, og spelelistene florerer. Med det har også lyttinga vorte mindre eksklusiv, og det sjeldne materialet, som no er breitt tilgjengeleg, er mindre myteomspunne. 

Tidvis høg kvalitet

Det hindrar det likevel ikkje frå tidvis å vere av svært høg kvalitet, eller Springtime in New York frå å vere ei openberring, med høgdepunkt som «New Danville Girl» og «Angelina» – den første har eg eit skralt opptak av på ein kassett i ein skuff, men på boksen er lydproduksjonen heilt topp.

Sjølv om det er mykje på denne utgivinga som eg ikkje har særleg trong til å lytte nærare til, finst det òg gull på høgd med det aller beste av Dylan. Tek ein det beste frå platene som kom ut, og det beste herfrå, vert det ei svimlande speleliste av det, og konturane av eit formidabelt album teiknar seg, frå ein periode som ikkje er kjend som Dylans beste. 

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis