Gjennomført solid
Wako spelar vakkert, men med tryggingsnett.
Kjetil A. Mulelid, Bardur Reinert Poulsen, Simon Olderskog Albertsen og Martin Myhre Olsen utgjer Wako.
Foto: Wako
Jazz
Wako:
Ut av det nye
Martin Myhre Olsen, saksofonar; Kjetil A. Mulelid, piano; Bárdur Reinert Poulsen, bass; Simon Olderskog Albertsen, trommer.
Øra fonogram
Tida flyg. Wako er ti år og markerer milepålen med plate nummer seks. Dei platedebuterte i 2015 med The Good Story og blei med ein gong lagde merke til, men å lytta til debuten sett opp mot Ut av det nye avslører ei fundamental utvikling. Arrangementa og ensemblespelet er så mykje meir raffinerte hjå Wako anno 2022. Det er eit band som har teke store steg på alle musikkens område.
Olsen og Mulelid er huskomponistar hjå Wako. Her deler dei oppdraget med fire låtar kvar, og så smett Poulsen inn med den drøymande balladen «Løgmannabreyt» (eit gatenamn i Tórshavn på Færøyane). Komponistane har lagt sin elsk på balladen, men også innslag av medium tempo, elles er komposisjonane varierte og særmerkte. Arrangementa er detaljrike og formfullenda, utan at dei verkar statiske og polerte.
Wako er flinke til å bruka dynamikken for alt han er verd, og byggja opp intensitet på minimalistisk vis, som i Olsens «Isabella» og den påfølgjande «Pleb Yalu» av Mulelid, der Myhre serverer eit leikent soprankor. Minst like leikent virtuos er han i fire flate på «F & F».
Ut av det nye er ei gjennomført vakker plate, men eg sit att med «Alt det vi tapte» som høgdepunkt, fordi låten skil seg ut. Her går dei attende i jazzsoga, knyter seg tett opp til Coltrane-tradisjonen, er vågale og kombinerer det vakre med dramaet. Både Olsen og Mulelid leverer sine beste soloar på denne låten. Meir av dette neste gong!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Wako:
Ut av det nye
Martin Myhre Olsen, saksofonar; Kjetil A. Mulelid, piano; Bárdur Reinert Poulsen, bass; Simon Olderskog Albertsen, trommer.
Øra fonogram
Tida flyg. Wako er ti år og markerer milepålen med plate nummer seks. Dei platedebuterte i 2015 med The Good Story og blei med ein gong lagde merke til, men å lytta til debuten sett opp mot Ut av det nye avslører ei fundamental utvikling. Arrangementa og ensemblespelet er så mykje meir raffinerte hjå Wako anno 2022. Det er eit band som har teke store steg på alle musikkens område.
Olsen og Mulelid er huskomponistar hjå Wako. Her deler dei oppdraget med fire låtar kvar, og så smett Poulsen inn med den drøymande balladen «Løgmannabreyt» (eit gatenamn i Tórshavn på Færøyane). Komponistane har lagt sin elsk på balladen, men også innslag av medium tempo, elles er komposisjonane varierte og særmerkte. Arrangementa er detaljrike og formfullenda, utan at dei verkar statiske og polerte.
Wako er flinke til å bruka dynamikken for alt han er verd, og byggja opp intensitet på minimalistisk vis, som i Olsens «Isabella» og den påfølgjande «Pleb Yalu» av Mulelid, der Myhre serverer eit leikent soprankor. Minst like leikent virtuos er han i fire flate på «F & F».
Ut av det nye er ei gjennomført vakker plate, men eg sit att med «Alt det vi tapte» som høgdepunkt, fordi låten skil seg ut. Her går dei attende i jazzsoga, knyter seg tett opp til Coltrane-tradisjonen, er vågale og kombinerer det vakre med dramaet. Både Olsen og Mulelid leverer sine beste soloar på denne låten. Meir av dette neste gong!
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.