Gjennomført oppfølgjar
Grønseth balanserer det stramme med det frie og leikne.
Jazz
Anders Lønne Grønseth Multiverse:
Outer View
Hayden Powell, trompet; Anders Lønne Grønseth, klarinett, tenor- og altsaks; Espen Berg, piano; Audun Ellingsen, bass; Einar Scheving, trommer.
NXN Recordings
Anders Lønne Grønseth gav i 2018 ut den første plata med Multiverse, og på oppfølgjaren Outer View er besetninga uendra. På debutplata stod Grønseth for komponeringa. No deler medlemene på jobben. Elles er det trekk ved denne plata som er ei utvikling av debuten. Ad lib-partia er romslege, men elegant integrerte i den musikalske heilskapen.
Grønseth har jobba mykje med det han kallar «bitonalt skalasystem», der han utforskar ulike tilnærmingar til modalitet, til dømes indisk musikk, maqamtradisjonen frå Midtausten og serialismen. På heimesida hans kan ein fordjupa seg i dette, men som han sjølv seier, er lyttarens eiga oppleving av musikken, uansett føresetnad, det som betyr noko. Oppleving av musikk er alt anna enn å identifisera teoretiske byggverk.
Multiverse har lukkast. Dei når lyttaren med raus og inviterande musisering. Både komposisjonane og arrangementa er komplekse, men framføringane er uanstrengde og fylte av leikne sekvensar, som til dømes pianotriosekvensen i Grønseths «Bifokal».
Det harmoniske landskapet er ope, og instrumentering, harmonikk og uttrykk fører innimellom tankane i retning Kenny Wheeler, men han er jo inspirasjonskjelde for ei mengd jazzmusikarar no om dagen. Dette er fem musikarar som på alle vis står godt til kvarandre. Det er ei plate heilt utan skjemmande kvileskjer.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Anders Lønne Grønseth Multiverse:
Outer View
Hayden Powell, trompet; Anders Lønne Grønseth, klarinett, tenor- og altsaks; Espen Berg, piano; Audun Ellingsen, bass; Einar Scheving, trommer.
NXN Recordings
Anders Lønne Grønseth gav i 2018 ut den første plata med Multiverse, og på oppfølgjaren Outer View er besetninga uendra. På debutplata stod Grønseth for komponeringa. No deler medlemene på jobben. Elles er det trekk ved denne plata som er ei utvikling av debuten. Ad lib-partia er romslege, men elegant integrerte i den musikalske heilskapen.
Grønseth har jobba mykje med det han kallar «bitonalt skalasystem», der han utforskar ulike tilnærmingar til modalitet, til dømes indisk musikk, maqamtradisjonen frå Midtausten og serialismen. På heimesida hans kan ein fordjupa seg i dette, men som han sjølv seier, er lyttarens eiga oppleving av musikken, uansett føresetnad, det som betyr noko. Oppleving av musikk er alt anna enn å identifisera teoretiske byggverk.
Multiverse har lukkast. Dei når lyttaren med raus og inviterande musisering. Både komposisjonane og arrangementa er komplekse, men framføringane er uanstrengde og fylte av leikne sekvensar, som til dømes pianotriosekvensen i Grønseths «Bifokal».
Det harmoniske landskapet er ope, og instrumentering, harmonikk og uttrykk fører innimellom tankane i retning Kenny Wheeler, men han er jo inspirasjonskjelde for ei mengd jazzmusikarar no om dagen. Dette er fem musikarar som på alle vis står godt til kvarandre. Det er ei plate heilt utan skjemmande kvileskjer.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.