Musikk
Gjennomarbeidd
Electric Eye tek imot applaus etter konserten.
Foto: Svein Erik Fylkesnes
Seint torsdag kveld var det duka for nok eit tingingsverk, Dyp tid. Festivalen kunne skilta med heile sju slike nyskapingar. Bandet Electric Eye, med opphav i Bergen og Haugesund, spelar psykedelisk rock med sterke innslag av improvisasjon og har blitt lagt merke til ikkje berre her til lands.
Bandet er sett saman av Øystein Braut (gitar, vokal), Njål Clementsen (bass), Anders Bjelland (tangentinstrument) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer). Til å urframføra verket hadde dei fått med seg Sigbjørn Apeland (orgel), Linn Frøkedal (vokal og elektronikk) og Annette Kathinka Servan (vokal og elektronikk). Thorolf Thuestad leverte framifrå lyddesign, og Silje Grimestad hadde ei like helding hand med lysdesignet.
Musikken, som på abstrakt vis tematiserer sider ved skaparverket, har blitt utvikla kollektivt av bandet gjennom mange arbeidsøkter i studio. Verket er ein suite i åtte delar. Kvar del har sin eigen identitet, men orkesteret har lagt mykje arbeid i å utvikla fine overgangar.
Musikken har minimalistiske innslag. Eit dominerande verkemiddel er repeterande figurar som viklar seg inn i kvarandre eller avløyser kvarandre. Det statiske elementet i musikken vert modifisert av det diskré og groovande trommespelet til Hegg-Lunde. Dette poenget viser seg tydelegast i fjerde del. I nokre sekvensar kan ein finna påverknad frå Motorpsycho og Terje Rypdal, men slik inspirasjon svekkjer ikkje inntrykket av at dette er eit verk som står støtt på eigne bein
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.