Musikk

Gjendines original

Bergset og Gimse baud på folkemusikk og kunstmusikalske omarbeidingar i Troldsalen.

Arve Moen Bergset og Håvard Gimse i Troldsalen.
Arve Moen Bergset og Håvard Gimse i Troldsalen.
Publisert

Troldsalen, den godt kamuflerte konsertsalen nedanfor Edvard Griegs villa på Troldhaugen, har Festspillenes finaste bakgrunnskulisse. Gjennom det store vindauget ser me komponisthytta ved Nordåsvatnet, den Grieg lét byggja i 1891. I hytta fekk han den absolutte stilla han trong for å komponera; éin einaste lyd var nok til å øydeleggja konsentrasjonen og inspirasjonen hans.

Seks stykke av Grieg stod på programmet sundag førre helg. Då presentere Arve Moen Bergset og Håvard Gimse eit etter kvart kjent programkonsept, der originale folketonar og dei kunstmusikalske omarbeidingane av desse blei sette opp mot kvarandre. Slik fekk me til dømes oppleva Bergset synga voggesongen Grieg høyrde av Gjendine Slålien under ein fjelltur til Skogadalsbøen i Jotunheimen, også det i 1891, før Gimse spelte Griegs vedunderleg varsame omarbeiding «Gjendines bådnlåt», op. 66 nr. 19.

Noko tilsvarande opna konserten, då Bergset kvad folkesongen «Velkomne med æra» frå Kvam, og Gimse spelte Geirr Tveitts klaverversjon frå samlinga Hundrad Hardingtonar. (Vel å merka ikkje den vanlege versjonen, men ein tidleg og ukjend variant Gimse har fått av son til Tveitt).

I tillegg til kvedinga spelte Bergset både vanleg fiolin og hardingfele. Hardingfelespelet hans var best, med klår tone og rytmisk driv. På fiolinen nådde han ikkje dette nivået – i Johan Halvorsens (1864–1935) Norsk dans nr. 1 var intonasjonen stundom merkbart for lågt i det høge registeret. Med kvedinga briljerte han, derimot, særleg når han song solo. Når klaveret var med, hende det som ofte skjer med kvedarar: Flygelet overdøyver dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement