Gitarspel på nye måtar
Denne plata er eit godt døme på den sjangeroverskridande samtidsmusikken.
Juhani Silvola er både komponist, musikar og produsent.
Foto: Johannes Selvaag
Samtidsmusikk
Juhani Silvola:
Wolf Hour Roundelay
Shhpuma
Den norsk-finske gitaristen Juhani Silvola er for mange kjend frå ulike folkemusikkbaserte konstellasjonar, som duoen med felepelar Sarah-Jane Summers og som medlem av Frode Haltlis Avant Folk. Men framfor alt plasserer han seg i den etter kvart store gruppa musikarar som tek med seg impulsar frå mange ulike tradisjonelle og eksperimentelle stilartar utan å vilja la seg plassera i nokon særskild bås. Dessutan er han utdanna i elektroakustisk komposisjon ved Noregs musikkhøgskule.
På denne plata spelar Silvola akustisk preparert gitar og elektronikk. Gitarlyden er attkjenneleg, men i tradisjonen etter avantgardekomponisten John Cage medfører prepareringa av instrumentet ei utviding av klangspekteret. Ved å plassera ymse objekt mellom strengene får ein fram lydar ein vanlegvis ikkje kjenner frå den konvensjonelle instrumentbruken.
Kvart av dei ni spora på plata er bygde opp rundt ein tydeleg – og gjerne enkel – idé, som vert langsamt utvikla. Det er noko meditativt og dvelande over musikken som gjer dette lett tilgjengeleg, sjølv om det heile ber preg av eksperimentering.
Og her er vi kanskje ved kjernen av mykje av dagens samtidsmusikk: Det meste har vore gjort før, og motsetnaden mellom konvensjon og eksperiment er ikkje så tydeleg som før. Dermed vert dei etablerte sjangerkategoriane som «samtidsmusikk», «rock», «jazz» og «folk» mindre aktuelle.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Samtidsmusikk
Juhani Silvola:
Wolf Hour Roundelay
Shhpuma
Den norsk-finske gitaristen Juhani Silvola er for mange kjend frå ulike folkemusikkbaserte konstellasjonar, som duoen med felepelar Sarah-Jane Summers og som medlem av Frode Haltlis Avant Folk. Men framfor alt plasserer han seg i den etter kvart store gruppa musikarar som tek med seg impulsar frå mange ulike tradisjonelle og eksperimentelle stilartar utan å vilja la seg plassera i nokon særskild bås. Dessutan er han utdanna i elektroakustisk komposisjon ved Noregs musikkhøgskule.
På denne plata spelar Silvola akustisk preparert gitar og elektronikk. Gitarlyden er attkjenneleg, men i tradisjonen etter avantgardekomponisten John Cage medfører prepareringa av instrumentet ei utviding av klangspekteret. Ved å plassera ymse objekt mellom strengene får ein fram lydar ein vanlegvis ikkje kjenner frå den konvensjonelle instrumentbruken.
Kvart av dei ni spora på plata er bygde opp rundt ein tydeleg – og gjerne enkel – idé, som vert langsamt utvikla. Det er noko meditativt og dvelande over musikken som gjer dette lett tilgjengeleg, sjølv om det heile ber preg av eksperimentering.
Og her er vi kanskje ved kjernen av mykje av dagens samtidsmusikk: Det meste har vore gjort før, og motsetnaden mellom konvensjon og eksperiment er ikkje så tydeleg som før. Dermed vert dei etablerte sjangerkategoriane som «samtidsmusikk», «rock», «jazz» og «folk» mindre aktuelle.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.