JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Gitarspel på kjenslene

Strengeinstrument set tonen i The Last of Us, og i spelet kan ein spele på virtuelle strengar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1939
20240126
1939
20240126

Filmmusikk

Gustavo Santa­olalla, Naughty Dog:

The Last of Us Part II Remastered

Sony

Argentinske Gustavo Santaolalla står bak musikken i The Last of Us, både TV-serien frå i fjor og spelet frå 2013 som serien er basert på. Utgangspunktet for neste sesong er naturlegvis spelet The Last of Us Part II frå 2020, som nyleg kom ut i ny utgåve.

Santaolallas hovudinstrument er ronroco, ein variant av det luttliknande instrumentet charango som urfolket i Andes utvikla etter at kolonistane kom med strengeinstrumenta sine. Dei fengjande vandremotiva i The Last of Us-lydsporet er framførte med ofseleg varleik på roncoco og andre strengeinstrument.

I spelet lyt spelaren «spele» akkordprogresjonar på kassegitar, og i oppussinga har liksomgitarane blitt vigd ein eigen modus. Her kan spelaren tafse i veg på handkontrollen sin og klunke av hjartans lyst med avgrensa handstillingar på virtuelle nylon- og stålstrengskassegitarar, banjo, elgitar med dårlege effektar og anna. Rett nok har Guitar Hero inspirert barn til å spele gitar i røynda, men dette blir fort gamalt.

Reell strengklimpring kan mane fram kolossale kjensler, og her har Santaolalla stålstrengkontroll, men i vår tid bør ein vere merksam på måten filmmusikk leier det umedvitne på. God musikk kan få sjølv dårlege skjermdrama til å verke djupe og til dømes narre oss til å tru at The Last of Us Part II, forfatta av ein israelsk-amerikanar oppvaksen på den okkuperte Vestbreidda, ikkje er tufta på overtydingar om at vi menneske er drivne av hat og hemnlyst, og at forsoning er umogeleg. Når det er folkemord på Gaza, er sidestillinga av stolt synagogeomvising og argument for drap på barn med framand religion ekstra ekkel. Musikken i seg sjølv er det ikkje noko gale med.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis