Musikk
Gamle og nye ekko
Julia Jacklin reiste til Montreal for å spele inn den tredje studioplata.
Julia Jacklin spelar på Parkteatret i Oslo seinhaustes.
Pressefoto
Kjærleik og tid, det er det som trengst, heiter det i «Love, Try Not To Let Go», andresporet på Julia Jacklins ferske Pre Pleasure: «Time to figure some things out.» Men så enkelt vert det sjølvsagt ikkje likevel. Noko skurrar, heftar ved, skjønar lyttaren: «The echo of my hometown/ the things I never said/ Consumes the space between me/ and everyone I left.»
Det som var, kjem altså i vegen for det som er, i form av eit ekko, eit minne frå fortida. Låten er typisk for det nye albumet, og for Jacklins forteljekunst og blikk for den knappe dramaturgien ein låt på knapt fire minutt tillèt – det dreier seg om ein låtskrivar som kan tematisere det usagde innanfor slike rammer.
Her, som i fleire andre songar på Pre Pleasure, representerer livserfaringane og det dei ber i seg, ein fare for å miste grepet, miste seg sjølv av syne – «I find it hard to keep myself from floating away», syng Jacklin i «Love, Try Not To Let Go».
Noko kjent
Då eg lytta til dette albumet første gong, var det noko attkjenneleg der, utan at eg heilt kunne setje fingeren på kva det var. Så fann eg ut at Pre Pleasure er spelt inn i Montreal, med Ben Whiteley på bass og Will Kidman på gitar, begge kjende frå The Weather Station – noko som gir meining ikkje minst i møtet med nett dei lause pianoakkordane og det elegante, luftige kompet på «Love, Try Not To Let Go».
Og det er fleire canadiske dropar i miksen på den nye plata til den Melbourne-baserte Jacklin. Eit anna vesentleg grep er nemleg dei velplasserte, vellaga strykearrangementa ved Owen Pallett (som mellom anna er kjend frå samarbeidet med Arcade Fire).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.