Musikk

Gamle Bachar

Ensemble Polyharmonique framfører skattar frå Bach-familiens notearkiv.

Bach-familiens stamtre, teikna på 1700-talet.
Bach-familiens stamtre, teikna på 1700-talet.
Publisert

15 verk for seks til åtte songarar, komponerte av fire generasjonar «bachar» – dette får me på albumet Bach Family – Family Affairs, ei av ganske mange innspelingar med musikk frå den store musikarslekta til Johann Sebastian Bach (1685–1750). Seks av stykka er frå Altbachisches Archiv («det gamalbachske arkivet»), ei notesamling med motettar, korsongar og kantatar av eldre medlemer av Bach-slekta.

Me skal vera glade for at notearkivet, som i si tid var i J.S. Bachs eige i Leipzig, overlevde andre verdskrigen. Då bombene fall over Berlin, blei det overført til Schlesien i dagens Tsjekkia og Polen. Etter at Den raude armeen rykte fram, blei det sporlaust borte. Gamle folk hugsa seinare at dei siste sovjetsoldatane i området tilhøyrde eit ukrainsk regiment, noko som sette nestoren i tysk Bach-forsking, Christoph Wolff, på sporet. Og ganske riktig: I 1999 fann han Altbachisches Archiv att, i Statsarkivet i Kyiv, der dei var sjenerøse nok til å levera den musikkhistoriske skatten attende.

Meir ornament

Det tyske Ensemble Polyharmonique spesialiserer seg på tysk vokalmusikk frå 1600-talet. Her har dei med seg instrumentalensemblet Teatro del Mondo, som held seg mykje i bakgrunnen. For bortsett frå enkelte mellomspel frå orgelet er det songen som dominerer lydbiletet på plata. Korklangen er klår og vibratolaus, intonasjonen god og den dynamiske aksentueringa av dei til kvar tid viktigaste stemmene vellukka. Diksjonen kunne vore tydelegare, men om dette har med uttalen til songarane å gjera, eller kjem av etterklangen i kyrkja der opptaket er gjort, er vanskeleg å seia.

Dessutan saknar eg meir ornamentering av melodiane, særleg i korsongane med mange strofer, som blir i overkant monotone. Men dei ornamenta som faktisk blir sungne, er stilistisk korrekte og smakfulle.

Verknadsfullt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement