Musikk
Gamelan og spagettiwestern
Den indonesiske identitetsbyggingsmusikken samla på Padang Moonrise er ein forunderleg fryd for øyret.
Britiske Soundway Records er, til liks med til dømes Light In The Attic, Sublime Frequencies, Awesome Tapes From Africa og det nederlandske Music From Memory, av den typen plateselskap som grev og løftar fram gløymde innspelte musikkskattar frå støvete esker og loft kringom på denne planeten vi bur på. Det er eit ærbart og viktig arbeid som bringar forvitnelege tonar, slik som dei på samleplata Padang Moonrise, til øyrekanalar verdsaltet rundt.
Samlinga har eit nærast panasiatisk preg og er full av overraskingar. Musikken blei, ifølgje teksten som følgjer utgjevinga, laga i det postkolonialistiske Java av statsfinansierte musikarar med det oppdrag å bidra til å skape ein ny nasjonal identitet – litt som i Noreg under nasjonalromantikken, kan hende. Norsk folkemusikk kan vere briljant, den (det er jo ganske kuriøst med musikk laga for kyr, til dømes), men denne nasjonsbyggingsmusikken er meir lyttarvenleg enn dei fleste hardingfeleslåttar.
Indonesia er samansett av meir enn 17.000 øyar og 1300 forskjellige folkegrupper, og på Padang Moonrise får vi høyre moderne omkalfatringar av tradisjonelle songar frå Java, Bali og Sumatra med meir, i tillegg til nye songar som skulle styrkje den postkoloniale kulturen med nytt språk og fusjon av stilartar frå fjern og nær.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.