Musikk
Gamalrussisk korklang
Det var ortodoks intensitet over opningskonserten til Bergen kirkeautunnale i Bergen domkyrkje.
Bergen Domkor i Bergen domkyrkje.
Foto: Gyrid Cecilie Nygaard / Bergen kirkeautunnale
Same dagen som Vladimir Putin varsla delvis mobilisering og truga Vesten med atomvåpen, opna Bergen kirkeautunnale med malmfull russisk korsong. Slikt får ein sjølvsagt til å tenkja, når ein veit kor tett diktatoren har knytt leiarskapen i kyrkja til seg – og har sett bilete av prestar i full pontifikalia som skvetter vigslevatn over stablar med kalasjnikovar.
Å skilja musikk og politikk kan vera vanskeleg, særleg når dei uhyggelege fylgjene av den sistnemnde kjem så nært på oss gjennom media. Å høyra eit av dei sterkaste verka frå den russiskortodokse kyrkjemusikken sette meg i ei melankolsk sinnsstemning denne kvelden.
Men russaren Rakhmaninov har ikkje noko med Putin å gjera, like lite som Bach, Beethoven og Brahms hadde med Hitler å gjera. Den gongen krigen ramma oss, skjøna me det. Då musikklivet blei stadig meir nazifisert i 1943, gjekk det under jorda. Illegale «motstandskonsertar» blei arrangerte, men der var ikkje tysk musikk bannlyst frå repertoaret. Tvert imot: I ei barbarisk tid blei særleg Bachs musikk eit symbol for det me ikkje ville missa.
Sentralt verk
Sergej Rakhmaninov blir rekna mellom dei siste store romantikarane. Klavervirtuosen er mest kjend for krevjande solostykke og solokonsertar. Kormusikk komponerte han lite av, og han distanserte seg frå kyrkja. Likevel skapte han med sitt opus 47, Vespermesse for kor, den russiske kyrkjemusikktradisjonens mest sentrale korverk – like før revolusjonen sette ein stoppar for denne musikkforma.
Messa blei til på under to veker krigsvinteren 1915. Denne tida var vanskeleg for komponisten. Han blei innkalla til militærteneste, men slapp unna på grunn av svak helse. Så døydde faren, og då den politiske situasjonen blei stadig meir prekær, ynskte han å emigrera. Etter Oktoberrevolusjonen i 1917 blei han invitert til å halda konsert i Sverige. Han nytta høvet og drog med heile familien – for aldri å venda attende til Russland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.