Musikk

Galileos lutt

Christian Zimmermann spelar luttmusikk av musikarfamilien Galilei dårleg.

Galileo Galilei (1564–1642). Utsnitt frå måleri av Justus Sustermans frå 1636.
Galileo Galilei (1564–1642). Utsnitt frå måleri av Justus Sustermans frå 1636.
Publisert Sist oppdatert

Pisanaren Galileo Galilei levde i ei brytingstid, i eit akademisk og kunstnarleg miljø som resulterte i det vitskaplege paradigmeskiftet som framleis pregar verdssynet vårt. Som fysikar ytte han viktige tilskot til rørslelæra, og han var ein pioner i bruken av teleskop i astronomien. Han propaganderte Nicolaus Copernicus’ lære om sola som sentrum for jordrørsla. Dette likte inkvisisjonen dårleg – seremoniell avsverjing av det kopernikanske verdsbiletet og livsvarig fengsel blei resultatet.

Paven gav heldigvis snart nåde. Men den vitskaplege verksemda kosta han mykje – til og med synet, for teleskoptittinga på sola svei augo hans så han blei nærast blind. Dauv blei han forresten også mot slutten av livet.

Dyktig musikar

Eg vil tru at dauvskapen gjorde Galileo sorgsam, for den fyrste biografen skildrar han som ein habil luttspelar og cembalist. Dette lærte han av far sin, Vincenzo Galilei (ca. 1520–1591). Denne spelte lutt så ofte han kunne, anten «han ferdast gjennom byen, sat til hest, stod ved vindauget eller låg i senga», som føreordet til ei av noteutgåvene hans opplyser.

Men Vincenzo var ikkje berre praktisk musikar. Som musikkteoretikar forfekta han nye teoretiske prinsipp som førte til framveksten av operaen – og slik resulterte i eit musikalsk paradigmeskifte mellom renessanse og barokk i musikkhistoria. Han var medlem av camerata fiorentina, ein lærd humanistkrins i Firenze som ynskte å attskapa den greske tragedien. Denne kunstforma meinte dei blei sungen i antikken, ikkje talt. «Monodien» var resultatet, ein ny komposisjonsmåte der songaren framfører teksten resitativisk til eit enkelt, akkordbasert akkompagnement. Dette radikale brotet med renessansens kunstferdig-kompliserte polyfoni la grunnlaget for barokkoperaens resitativ.

Skuffande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement