Musikk

Fyrtårnet

Mariam Walletin er ein scenepersonleg­dom av det sjeldne slaget.

Mariam Wallentin stod på scena saman med Vestnorsk Jazzensemble.
Mariam Wallentin stod på scena saman med Vestnorsk Jazzensemble.
Publisert

Eg må tilstå at Mariam Wallentin hadde eg berre høyrt på konsert med Wildbirds & Peacedrums. Det ho har gjort med Fire! Orchestra og under kunstnarnamnet Mariam The Beliver kjenner eg berre frå ulike strøymekjelder. Då eg benka meg ved scenen i det rustikke og gode konsertlokale Høvleriet kort tid før konserten skulle byrja, kjende eg meg ubudd. Det er kjekt å gå på konsert med ei slik kjensle.

Wallentin hadde kome med ei programerklæring i programmet: «Jeg ville få til noe klart, tørt og ærlig. Men mest av alt ønsker jeg å finne en setting som kjennes dynamisk og spennende, som kan stige høyt opp mot en glohet himmel for senere å dykke dypt ned i underjordisk mørke.»

I samarbeid med Vestnorsk Jazzensemble som er sett saman av Kjetil Møster (saksofonar og klarinett), Hildegunn Øiseth (trompet), Gro Austgulen (fiolin), Carmen Boveda (cello), Julie Rokseth (harpe), Anders Hana (gitar), Arne Toivo (bass), Børge Fjordheim og Terje Isungset (perkusjon) innfridde Wallentin programerklæringa.

Dei ti komposisjonane hennar var arrangerte av Josefin Runsteen, og ho skal ha stor takk for at komposisjonane til Wallentin blei denne reisa frå det mørke og melankolske til det oppstemte og ekstatiske. Berre på eit par låtar tykte eg at rytmikken blei for enkel og bastant, men stort sett skapte arrangementa eit stadig skifte av musikalsk bakteppe for røysta til Wallentin.

Ho er ikkje berre ein fantastisk vokalist med enorm dynamisk kontroll og rytmisk spenst i fraseringane, men også ein scenepersonlegdom av det sjeldne slaget. Ho syg til seg merksemd og formidlar tekstane med ein klarleik som mange kunne læra av. Likevel hadde det vore ynskjeleg å ha programmet og tekstane i hende.

At bodskapen kom så fint fram, skal lydteknikar Tom Svendsgård har stor ære for. Gitar, trommer, bass og perkusjon er ikkje lett å balansera saman med fiolin, cello og harpe i ein lydmiks som ikkje får mykje hjelp av det livlege konsertlokalet. I nokre av dei sterkaste partia på tampen av konserten var det vanskeleg å skilja ut dei meir lydsvake instrumenta, men dette er eit mindre vesentleg ankepunkt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement