JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Funksjonell dansemusikk

Vinnarlag frå landsfestivalen byr på entusiastisk spel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1803
20230818
1803
20230818

Gamaldans

Kongsberg Trekkspillklubb:

Sandsværtradisjoner i nytt driv

Aksent

Store delar av dagens musikkliv har som eit – meir eller mindre – uttala mål å skapa ei eller anna form for kunst, gjerne av det originale og nyskapande slaget. Det gjeld òg mange av dei som syslar med tradisjonell eller moderne folkemusikk.

Men så finst det musikkformer der funksjon er det overordna målet. Det gjeld til dømes store delar av dansemusikken. Nyleg vart Landsfestivalen i gammaldans arrangert i Førde i Sunnfjord. Denne festivalen har mykje til felles med Landskappleiken: Det vert arrangert tevling i ulike klassar, det er konsertar, dans og buskspel. Hovudskilnaden er at Landskappleiken legg hovudvekta på eldre folkemusikk- og danseformer, medan Landsfestivalen har sterkast vektlegging av trekkspel og runddans (vals, reinlendar og så bortetter).

Konsgsberg Trekkspillklubb delte førsteplassen (saman med tre andre lag) i klassen for «Lagspel durspel/trekkspel». Og på den nye plata frå klubben som vart skipa i 1972, får me 17 døme på kvifor nett dette laget er så høgt skatta. Alt er gamaldansslåttar utan kunstferdige tillegg som introar eller soloinnslag. Melodien vert spelt unisont med støtt komp på gitar og bass. Dette er musikk der ein går rett på sak, og saka er at det skal vera fengjande og funksjonell dansemusikk.

Men det fyldige tekstheftet, som i seg sjølv er ein god grunn til å velja fysiske versjonar av innspelt musikk, viser ei side av verksemda som har mykje til felles med det tradisjonelle folkemusikkmiljøet: Svært grundige framstillingar av musikkens historiske opphav, sentrale utøvarar og tradisjonsliner.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis