Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Jazz
Hayden Powell:
Undergrowth
Hayden Powell, trompet; Aksel Rønning, saksofon; Mari Giske, bratsj; Stein Urheim, gitar; Jo Skaansar, bass; Erik Nylander, trommer. Periskop
Trompetaren, komponisten, orkesterleiaren og pedagogen Hayden Powell har dei siste åra prioritert å ta del i andre sine musikalske prosjekt i tillegg til å undervisa ved Noregs musikkhøgskule. Ein må attende til 2018 for å finna den siste utgjevinga med trioen, der han hadde med pianist Eyolf Dale og bassist Jo Skaansar.
Powell har valt å utfordra seg sjølv med å setja saman og skriva musikk for ein sekstett. Han har hatt ei heldig hand med samansetjinga av bandet. Det er eit kollektiv som får maks ut av musikken. Mest overraskande var det å finna strengevirtuosen Stein Urheim som ein del av besetninga. Han gjev krydder og koloritt til kvar konstellasjon han er ein del av. Så også her.
Giske, som har bakgrunn frå barokken og tidlegmusikken, har naturleg nok ikkje ei like sentral rolle som Urheim, men bratsjen glir fint inn i det særprega lydbiletet. Rønning og Powell går godt i hop, og Skaansar og Nylander svingar og groovar på mest avslappa vis. Det er ein sekstett som læt strålande på plate, og som garantert læt minst like godt på konsert.
Dei ni komposisjonane er i stor grad prega av at Powell har ein ny og utvida klangpalett til rådvelde. Den mollstemde balladen eller ditto i medium tempo er reviret til Powell. Musikken innbyr til kontemplasjon. Både han sjølv og Rønning brukar dei solistiske romma godt, men også her er det nokre bidrag frå Urheim som tiltrekkjer seg mest merksemd, spesielt spelet hans på «Klangnatt» er fraseringskunst på ypparste plan.
Høgdepunktet på ei jamt over sterk plate er «Tartufo» – ei kryssing mellom Marc Johnsons Bass Desire og Don Cherry. Her sprudlar det, men på danna vis.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.