Musikk
Frosne landskap
Klangteksturen i Knut Vaages Vintersong har kvalitetar som ein mosaikk.
Kontratenoren Daniel Sæther syng ny musikk med gamle instrument.
Foto: Øyvind Eide
Det fyrste som slo meg då eg lytta til dette andre soloalbumet til Daniel Sæther med ny musikk for kontratenor og barokkinstrument, er kor godt røysta hans glir inn ensembleklangen. Songaren evnar å redusera røysta til noko reint, beint og overtonerikt. Når han i crescendo glir inn på tonen, heilt utan vibrato, kling det til forveksling likt lyden av fløytene og dei høge strykeinstrumenta. Dette er ei klangverd me kjenner frå barokkmusikken, den som med sitt «demokratiske» klangideal høver godt for samtidsmusikken av di dei ulike stemmene i komposisjonen trer fram som likeverdige.
Rimkledd mark
Dette likeverdige, der ein ikkje får kjensla av at noko instrument eller noka instrumentgruppe blir redusert til «komp», merkar me særleg i tittelkomposisjonen, Knut Vaages Vintersong. Verket, som er det lengste på plata, blei opphaveleg skrive for mezzosopran.
Den nye versjonen er tilpassa Sæthers stemmetype kontratenor (falsettsong) og har traverso (barokk tverrfløyte av tre) i staden for obo. Til grunn for librettoen ligg Hanne Bramness’ (fødd 1959) dikt frå samlinga Vintersong. Ei bok om desember. Dette er poesi som vekkjer minne i Vaage om det vinterlandskapet han som barn vandra gjennom i skogane i Kvinnherad.
Komponisten lukkast i å teikna bilete som også eg kjenner meg att i, av eit frose, stille landskap, der blåkvitt ljos dekkjer rimkledd mark og mose. Inntrykket av ei slik verd har meir av mosaikken enn måleriet ved seg, for som i mosaikken funklar det ulikt i einskildsteinar alt etter kvar ein står. Fjorden verkar svartare og djupare enn vanleg på slike dagar, ein sort vinterdagar som eg trur me vestlendingar set meir pris på enn andre av di me har så få av dei.
Bramness’ dikt er fine, men orda er diverre ofte vanskelege å skjøna når Sæther syng dei. Men lyrikken står uansett i omslagsheftet, og Vaages imponerande omforming av teksten til tonar gjer det i grunnen ikkje så viktig å fylgja poesien vers for vers.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.